Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Ordklassar

Sjekk om du hugsar ordklassane! Gjer øvingane.

Om Ordklassar

Kva skil dei ulike ordklassane frå kvarandre?

Når vi deler inn orda i språket vårt i grupper, ser vi på tre slags eigenskapar ved dei:

  1. om dei kan bøyast

  2. kva slags tyding dei har

  3. om dei kan vere sjølvstendige setningsledd

Nokre eksempel

  • Substantiv er ein ordklasse som kan bøyast, for eksempel: ein penn – fleire pennar

  • Interjeksjonar er ubøyelege, dei har alltid same form: Huff! Ja!

  • Verb er ord som beskriv ei handling, ein prosess eller ein tilstand: å gå, å raudne, å kvile

  • Adjektiv er ord som beskriv ein eigenskap ved nokon eller noko: grøn, snill, rask

  • Pronomen kan vere sjølvstendige setningsledd i ei setning: Ho lo. Dei har budd i Mexico.

  • Bestemmarord må til vanleg stå saman med eit substantiv, dei er ikkje sjølvstendige setningsledd: dette huset, sykkelen min.

Øving 1: Oversikt over ordklassane

Øving 2: Substantiv

Øving 3: Adjektiv

Øving 4: Pronomen

Øving 5: Verb

Øving 6: Adverb

Øving 7: Preposisjonar

Øving 8: Bestemmarord

CC BY-SASkrive av Anna Maria Holvik.
Sist fagleg oppdatert 03.10.2022

Læringsressursar

Ordklassar