Liechtenstein
Les gjennom gloselista før du ser videoen! Sjå så videoen fleire gonger og lytt etter informasjon om
- geografisk plassering
- hovudstad
- innbyggartal
- areal
- statsform
- offisielt språk
- Vaduz slott
- turistmål
- politisk system
- sommar- og vinteraktivitetar
- eventuelle andre ting
Noter stikkord!
I videoen nemner Jonas EWR (Europäischer Wirtschaftsraum, på norsk EØS-området). Kva er dette?
Hier sind fünf Sätze aus dem Video auf Norwegisch. Wie sagt man das auf Deutsch?
Nesten alt er smått i Liechtenstein.
Liechtenstein er medlem av FN.
Liechtenstein er medlem i EØS.
Det er mykje å finne på i Liechtenstein.
Liechtenstein er verdt eit besøk.
Schreibe eine ähnliche Reportage über Norwegen. Benutze gerne Sätze und Ausdrücke aus der Reportage über Liechtenstein.
I videoen om Liechtenstein bruker dei to ungdommane ein del substantivfraser med genitiv, til dømes
80 Prozent der Liechtensteiner sind Katholiken.
Liechtenstein ist Mitglied der Vereinten Nationen.
Genitiv er ein kasus vi ofte møter i skriftlege tekstar i tysk. Vi skal her sjå nærmare på to bruksmåtar.
Eigeform
Vi bruker genitiv for å fortelje kven som eig ein ting:
Theos Fahrrad
der Fußball meiner Schwester
die Hauptstadt Liechtensteins
I noko meir uformell tysk bruker vi her også ofte preposisjonsuttrykk: Das Fahrrad von Theo, die Hauptstadt von Liechtenstein, der Fußball von meiner Schwester.
Heilskapsgenitiv
Genitiv bruker vi også i substantivfraser som oppgir ein andel av ei mengd eller gruppe. Då står mengda eller gruppa som ein tar utgangspunkt i, i genitiv. Denne typen genitiv kallar vi også for heilskapsgenitiv:
20 Prozent der Liechtensteiner
die Hälfte des Landes
Denne typen uttrykk skriv vi nesten aldri om med «von». Av og til er det mogleg å lage samansette ord i stedet for genitivuttrykk: Mitglied der UNO = UNO-Mitglied.
Veit du kva form den bestemte artikkelen har i genitiv? Slå eventuelt opp i ein grammatikk eller søk på nettet, og noter dei rette genitivformene.
Bestemt art. | hankjønn | hokjønn | inkjekjønn | fleirtall |
---|---|---|---|---|
Nominativ | der | die | das | die |
Genitiv | ? | ? | ? | ? |
Gå gjennom lista over substantivfraser med genitiv nedafor.
- Marker genitivformen i kvar frase.
- Noter om det er snakk om eit hankjønns,- honkjønns- eller inkjekjønnsord, eller om substantivet står i genitiv flertall.
- Omsett frasene.
- Sorter: I kva fraser er genitiven eigeform, i kva fraser er det snakk om heilskapsgenitiv?
das Schloss des Fürsten
das Diadem der Fürstin
80 Prozent der Liechtensteiner
der Fürst des Landes
die Kunstsammlung des Museums
die Regierung des Fürstentums
die Amtssprache Liechtensteins
die Sprache der Liechtensteiner
27 Prozent der Einnahmen
ein Mitglied der Vereinten Nationen
der Finanzsektor Liechtensteins
die Wirtschaft des Landes