Hopp til innhald
Øving

Ordforråd og grammatikk

Her finn dere munnlege og interaktive øvingar. Øv på ordforråd, spørjeord, gradbøying av adjektiv og ordlaging.

1 Ordforråd

Kva for ting må de absolutt ha? Gå gjennom vendekorta og øv på minidialogar.

Eksempel

  • Was ist das?

  • Das ist meine Espressomaschine. Ohne die kann ich nicht leben!

  • Ich auch nicht. / / .


2 Spørjeord

Repeter tyske spørjeord.

Om spørjeord
  • Spørjeord er eit fellesord for spørjepronomen og spørjeadverb.

  • Spørjepronomen bruker vi for å spørje om personar og ting: kven, kva.

  • Spørjeadverb bruker vi for å spørje om tid, stad eller måte: når, kor lenge, kvar, kvar hen, korleis osv.

3 Personlege pronomen

Repeter dei tyske personlege pronomena i nominativ (subjektsform) og akkusativ (objektsform).

Om personlege pronomen
  • Personlege pronomen er ord som står i staden for eit substantiv eller namn:
    guten = han, Kari = ho, foreldra mine = dei osv.

  • Personlege pronomen bøyer vi i både norsk og tysk, for eksempel eg – meg, ich – mich.

  • Nominativ er nanet på subjektsformen (ich, du, wir osv.)

  • Akkusativ er namnet på objektsforma (mich, dich, uns osv.)

4 Ordlaging

Ta for deg desse verba: baden, behaupten, besitzen, duschen, entwickeln, essen, lieben, reden, sehen, wetten.

For kvart verb skal du finne eitt eller fleire substantiv som har verbet i seg. Substantiva kan òg vere samansette ord.

Eksempel

schlafen: der Schlaf (søvn);  das Schlafen (det å sove); der Schlafsack (sovepose); das Schlaflied (voggesong)


5 Gradbøying av adjektiv

Om gradbøying
  • Dei fleste adjektiva kan gradbøyast. Det vil seie at dei har former som uttrykker ulik grad.

  • Grunnforma heiter positiv: snill, gammal, viktig

  • Forma som uttrykker ein høgare grad, heiter komparativ: snillare, eldre, viktigare

  • Forma som uttrykker den høgaste graden, heiter superlativ: snillast, eldst, viktigast

Bruk ordboka og gradbøy desse adjektiva: alt, jung, groß, nett, gut, schlecht, verliebt, lustig, unterhaltsam.

Legg alle bøyingsformene inn i ein tabell, for eksempel slik:

gradbøying av adjektiv

Positiv

Komparativ

Superlativ

Norsk

wichtigwichtigeram wichtigstenviktig
altälteram ältestengammal

6 Kva er viktig for deg?

Jobb i par.

  1. Omsett eksempeldialogen.

  2. Les han høgt med fordelte roller.

  3. Lag ein ny dialog etter same mønster og fortel kvarandre om ting som er viktige for dykk. Vel frå lista lenger nede om de vil.

  4. Øv på den nye dialogen til de kan han utanåt.

  5. Gå saman med to andre par. Framfør dialogane dykkar for kvarandre.

Eksempel

  • Welche Dinge ?

  • Also, Bücher sind mir sehr wichtig. Aber meine Gitarre ist mir . Und was findest du wichtig?

  • Hm. Mir sind Bücher auch wichtig. Und mein Computer. Aber am wichtigsten ist mir meine Trompete.

Forslag

  • , , , Unabhängigkeit, ein guter Beruf, Kreativität, Musik, Kunst, Sport

  • Frieden, Sicherheit, , Liebe, Freundschaft, Familie

  • ein Auto, Toilettenpapier, Schuhe, mein Computer, ein Moped, eine Uhr, ein Fahrrad, mein Handy

  • , genug zu essen, , , Schuhe, Toilettenpapier, Wasser, Strom, Internetzugang, Medikamente

CC BY-SA 4.0Skrive av Julia Kleven og Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 19.12.2023