Hopp til innhald
Øving

Fire yogaøvingar i klasserommet

Video med fire enkle yogaøvingar som kan utførast sittande og ståande.
Video: Ulrik Berntsen / CC BY-SA 4.0

Første øving

  • Sett deg på stolen.

  • Strekk ut ryggen.

  • Ha føtene på bakken.

  • Plasser underarmane på bordet.

  • Legg hovudet på armane.

  • Hald denne posisjonen, og pust roleg inn og ut.

Andre øving

  • Sett deg på stolen, med føtene på bakken.

  • Strekk ut ryggen, og legg handflatene på bordet.

  • Hald denne posisjonen, og pust roleg inn og ut.

Tredje øving

  • Sett deg på stolen.

  • Vri deg mot høgre, og hald høgre hand på baksida av stolen.

  • Hald venstre hand på høgre kne.

  • Hald ryggen rett, og sjå rett bakover.

  • Hald denne posisjonen, og pust roleg inn og ut.

  • Sett deg på stolen.

  • Vri deg mot venstre, og hald venstre hand på baksida av stolen.

  • Hald høgre hand på venstre kne.

  • Hald ryggen rett, og sjå rett bakover.

  • Hald denne posisjonen, og pust roleg inn og ut.

Fjerde øving

  • Set stolen til sida, og stå litt vekk frå bordet.

  • Bøy deg framover slik at handflatene treffer bordet.

  • Strekk ut ryggen.

  • La hovudet følge ryggsøyla.

  • Ikkje bøy hovudet opp eller ned.

  • Strekk ut beina. Du kan godt ha litt bøy i knea viss det passar betre.

  • Hald denne posisjonen, og pust roleg inn og ut.

CC BY-SA 4.0Rettshavar: Martin Aune Walther
Sist fagleg oppdatert 19.11.2022