Stoff og blandingar
Alle stoff og materiale er bygde opp av mindre partiklar: atom, ion og molekyl. Partiklane blir tiltrekte av kvarandre og held saman i større eller mindre grad. Dette er grunnlaget for eigenskapar og reaksjonar hos ulike stoff og materiale.
Diskuter
Kva stoff er viktige i det framtidige yrket ditt?
Vi deler gjerne stoffa inn etter om dei er reine stoff eller blandingar. Reine stoff er anten grunnstoff eller kjemiske sambindingar.
Rene stoff: grunnstoff eller kjemiske sambindingar
Grunnstoff består av berre éin type atom, mens kjemiske sambindingar består av to eller fleire typar atom som er bundne saman kjemisk.
døme på grunnstoff: hydrogen (H), oksygengass (O2), karbon (C) og jern (Fe)
døme på sambindingar: druesukker (C6H12O6), vatn (H2O) og rust (Fe2O3)
Visste du at ...
det i gjennomsnitt blir oppdaga 100 000 nye sambindingar – kvar månad?
Blandingar
I blandingar har vi fleire grunnstoff og/eller sambindingar som er blanda saman mekanisk, og stoffa er ikkje bundne saman kjemisk.
Døme:
Sand er ei blanding av ulike partiklar av mineral.
Råolje er ei blanding av ulike typar hydrokarbon som parafin, diesel og bensin.
Stål er ei blanding av jern og karbon.
Treverk/ved består av cellulose, hemicellulose, lignin, kvae og fleire andre sambindingar.
Legg merke til at alle reine stoff kan skrivast med kjemiske formlar fordi det alltid er eit bestemt mengdeforhold mellom dei ulike grunnstoffa. Til dømes H2 og CO2. Luft, som er ei blanding av fleire stoff, kan ikkje skrivast med ein kjemisk formel.
I det framtidige yrket ditt vil du sannsynlegvis kome i situasjonar der du må følgje ein bestemt framgangsmåte. Det er gitt på førehand kva stoff og materiale du skal bruke, og korleis du skal behandle dei.
I nokre yrke er det slike situasjonar det er flest av, mens ein i andre yrke jobbar meir «fritt». Uansett yrke vil du kome opp i situasjonar der du må «tenkje sjølv». Kanskje må du lage noko som ingen har laga før? Kanskje får du ikkje tak i det materialet du hadde tenkt å bruke, slik at du må finne ei erstatning? Nokre gonger må vi vurdere funksjonalitet, pris og utsjånad opp mot kvarandre.
Dessutan er produkt og prosedyrar i stadig endring. For å kunne utvikle og forbetre produkt treng vi kunnskap om og erfaring med dei stoffa vi allereie kjenner til, og nye stoff som blir utvikla og oppdaga.
Diskuter
Ordet «stoff» blir brukt ulikt og med ulik betyding i ulike situasjonar. Finn døme på ulik bruk i daglegtale og yrke. Kor mange døme på ulik bruk klarer de å finne?