Mål pH
Øv på å måle pH i nokre kjende løysningar. Kva pH har dei?
Simulering av pH-måling
Simuleringa er ei visuell øving og fungerer ikkje med tastaturnavigasjon eller skjermlesar. Du kan finne alternativt innhald i artikkelen Kva kan du om syrer og basar no?
Bruk simuleringa til å bli kjend med pH-verdien til nokre stoff.
Vel stoff i rullegardinmenyen.
Trykk på og hald inne den raude knappen på dropeteljaren for å fylle opp behaldaren.
Bruk den øvste krana for å tilsetje vatn. Bruk den nedste krana for å tappe løysing frå behaldaren.
Oppgåve 1. pH-verdien til nokre vanlege stoff
Bruk simuleringa over til å måle pH-verdien til ulike stoff. Dra og slepp stoffet til rett stad på pH-skalaen.
Oppgåve 2
Vel eit stoff og fyll opp behaldaren.
Mål pH.
Kva trur du skjer med pH-verdien viss du tilset vatn?
Kva trur du skjer med pH-verdien viss du tappar ut litt av løysninga med krana ved botnen av behaldaren?
Prøv deg fram og prøv å lage løysningar som har pH = 6 på ulike måtar. Er det mogleg å lage ei slik løysning ved å bruke handsåpe? Forklar.
CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 22.11.2022