pH
pH er eit mål på kor sur eller basisk ei løysning er. Vi kan avgjere kor sure eller basiske løysningar er, ved å bruke pH-skalaen:
Ei løysning med pH-verdi under 7 er sur.
Ei løysning med pH-verdi lik 7 er nøytral.
Ei løysning med pH-verdi over 7 er basisk.
pH-skalaen går frå 0 til 14, men det finst òg stoff med ein pH-verdi som ligg utanfor denne skalaen.
Vi kan måle pH i ei løysning ved å bruke eit pH-papir. Eit pH-papir er innsett med ulike fargestoff/indikatorar som forandrar farge ut frå konsentrasjonen av syre og base. Viss vi treng meir nøyaktige pH-mål, må vi bruke eit pH-meter.
Når ei syre, til dømes saltsyre (HCl), blir løyst i vatn, gir ho frå seg hydrogenion, H+. Det er H+-iona som gjer at løysninga blir sur:
Når ein base, til dømes ammoniakk (NH3), blir løyst i vatn, kan ammoniakk ta H+ frå vatn. Det blir danna OH--ion som gjer løysninga basisk:
No skal du øver deg på å måle pH i ulike løysningar.
Vel væske i nedtrekkmenyen.
Trekk sensoren over i væska, og les av pH-verdien i displayet.
Du kan tilsetje vatn med krana over behaldaren og tappe ut væske med krana i botnen av behaldaren.
Bruk simuleringa over til å måle pH-verdien til ulike væsker. Dra og slepp væska til rett stad på pH-skalaen i oppgåva under.