Vekebladet Det nye 1957
Vekeblada var i distribusjon frå 1920-åra, men det var først på 50-talet at mediet voks fram til å bli det fjerde store massemediet i Noreg. Dei store familieblada Hjemmet, Allers og Norsk Ukeblad dominerte marknaden.
Oppgåve
Studer utgåva av vekebladet Det Nye frå 1957 på Issuu.ndla
- Kva slags stoff finn du i dette bladet?
- Kven trur du bladet vender seg til?
- Studer biletforteljinga I morgen er jeg voksen. Kva fortel denne teksten om kjønnsroller og det å vere ung på 1950 og 1960-talet?
- Lag ei liknande biletforteljing om livet til ei ung jente i dag. Tenk deg at forteljinga skal stå på trykk i Det Nye.
Relatert innhald
CC BY-SASkrive av Jan-Arve Overland.
Sist fagleg oppdatert 27.04.2018