Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Medium som endrar verda

Fagartikkel

Bilete endrar verda

8. juni 1972 kjem ei jente springande ut av flammehavet, nedover hovudvegen frå landsbyen Trang Bang i Vietnam. Verken den 9 år gamle Phan Thi Kim Phuc eller den 21 år gamle fotografen Huynh Cong "Nick" Ut visste då at dette biletet ville endre verda.

Biletet som endra Vietnamkrigen

Det er enkelte bilete som vi ber med oss heile livet, bilete som ikkje vil sleppe taket, og som etsar seg inn i minnet. Eit av desse bileta er fotografiet av jenta Phan Thi Kim Phuc, som saman med resten av familien flyktar frå landsbyen Trang Bang. Landsbyen er akkurat blitt bomba med napalm av sørvietnamesiske bombefly. Naken, med smelta hud, spring ho nedover hovudvegen medan ho skrik "så varmt, så varmt" og "nokon må gi meg vatn".

Dette eine biletet med den brennande napalmen i bakgrunnen, førte den grufulle redsla frå krigen inn i stovene til folk på ein måte som ord åleine ikkje kan klare. Bileta frå Vietnamkrigen fekk menneske over heile den vestlege verda til å ta avstand frå den amerikanske krigføringa, noko som verka til at amerikanarane etter kvart trekte seg ut av Vietnam.

Vietnamkrigen

Fleire millionar vietnamesarar, hundre tusenar frå Kambodsja og Laos og rundt 58 000 amerikanske soldatar vart drepne under Vietnamkrigen som varte frå 1955 til 1975. På slutten av 60-talet vaks motstanden mot krigen, både i USA og i andre vestlege land. Biletet til Nick Ut frå 1972 blei for mange eit symbol på kor forferdeleg krigen var. USA trekte seg ut av Vietnam i 1973. Viet Cong erobra Saigon i april 1975. Det markerte slutten på krigen, og Nord- og Sør-Vietnam vart foreina året etter.

På rett stad til rett tid

Den 21 år gamle fotografen Nick Ut var på jobb i Vietnam for det amerikanske nyheitsbyrået Assosiated Press (AP). Det tok han brøkdelen av eit sekund å ta dette ikoniske fotografiet. "Eg måtte gråte litt sjølv då eg såg henne komme springande", sa Nick Ut i eit intervju med AP 40 år etter (Schjønberg, 2012).

Opplevinga kom til å prege fotografen. "Eg tenkte at dersom eg ikkje hjelpte henne, så ville ho døy, og då hadde eg mått ta mitt eige liv etterpå" (Schjønberg, 2012). Etter å ha teke biletet køyrde fotografen henne til eit lokalt sjukehus, der ho fekk behandling for brannskadane. Seinare vart ho overført til eit sjukehus som amerikanarane dreiv i Saigon, takka vere den britiske fotografen Christopher Wain. Etter 14 månader og 17 operasjonar var ho igjen på føtene.

Forbod mot nakenbilete

Men det var ikkje gitt at AP ville trykke biletet, sidan dei hadde strenge reglar for bilete som synte nakne menneske. Biletredaktør for AP i Vietnam, Horst Faas, forstod likevel fort kor sterkt biletet var. Han fekk gjennomslag for synet sitt i hovudredaksjonen i USA. Dermed gjekk biletet verda over. I 1972 vart biletet kåra til det beste pressebiletet i verda av World Press Photo, og året etter fekk fotografen Pulitzerprisen.

Omflakkande tilvere

Etter at biletet vart teke, har Kim Phuc flakka omkring i verda. Først vart ho brukt av regimet i Vietnam som ein del av propagandaen. Seinare drog ho til Cuba for å studere medisin. I 1992 fekk hun politisk asyl i Canada, der ho i dag leier organisasjonen "Kim Foundation".

"Eg ønskte så inderleg å flykte frå denne vesle jenta, men det verkar som om biletet ikkje vil sleppe taket", har Kim Phuc sagt i eit intervju (Schjønberg, 2012).

Kjelde

Schjønberg, S. (2012, 2. juni). Jeg tenkte at hvis ikke jeg hjalp henne, så ville hun dø, og da hadde jeg vært nødt til å ta mitt eget liv etterpå. Dagbladet. https://www.dagbladet.no/nyheter/jeg-tenkte-at-hvis-ikke-jeg-hjalp-henne-sa-ville-hun-do-og-da-hadde-jeg-vaert-nodt-til-a-ta-mitt-eget-liv-etterpa/63352095

Relatert innhald

Oppgåver og aktivitetar
Analyser eit historisk bilete

I dette arbeidsoppdraget skal du analysere eit bilete frå Vietnamkrigen og setje det inn i ein historisk samanheng.

CC BY-SA 4.0Skrive av Jan-Arve Overland.
Sist fagleg oppdatert 10.04.2018