Hopp til innhald
Du er no inne i ein læringssti

Journalisten sin kvardag

Fagstoff

Journalisten sin kvardag

Kvardagen til ein journalist er variert og spennande. Det journalistiske innhaldet skal nå fram til ulike målgrupper, og eit bredt utval av publiseringskanalar blir brukt.
Vaktsjef og journalist Ragnhild Irene Skaara og programleiar Benedicte Bendiksen i Supernytt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dei fleste journalistar jobbar i ein nyheitsredaksjon, og mange nyheitsredaksjonar er organiserte i mediehus. Redaksjonen kan bestå av fleire journalistar og fotografar, og redaktøren har det øvste ansvaret for sakene som blir publisert.

NRK er eit eksempel på eit mediehus som leverer journalistisk innhald til både radio, TV og internett. NRK har mange ulike redaksjonar med eigne fokusområde som nyheiter, kultur og sport.

Sjølv om fokus og profil varierer mellom ulike redaksjonar, er den overordna oppgåva for journalistane felles. Oppdraget går ut på å samle informasjon om det som skjer i samfunnet og gjennomarbeide informasjonen. Ved hjelp av journalistiske tekstar, lyd og bilete blir informasjonen sett inn i ein meiningsfylt samanheng og blir formidla ut til publikum.

Innhaldet skal treffe målgruppa til kanalen

Journalistar produserer innhald som skal treffe ulike mottakarar. Avisa Fanaposten har fokus på lokale nyheiter og rettar seg mot målgrupper i Bergen sør. TV2 Nyhetene rettar seg mot ei breiare målgruppe og presenterer saker som kan vere interessante for personar frå heile Noreg.

Det er viktig at journalisten er bevisst på kven som er målgruppa for sakene som blir produsert. Det journalistiske innhaldet må formast på ein måte som gjer det interessant og forståeleg for målgruppa, slik at bodskapen når fram.

Eksempel: NRK Supernytt og Dagsrevyen

NRK Supernytt-redaksjonen, som har ei ung målgruppe, bruker andre verkemiddel enn journalistane i Dagsrevyen. For å nå fram til ei ung målgruppe er dei fleste mediehusa i Noreg til stades på sosiale medium. Målet er å skape oppmerksemd og engasjement rundt det journalistiske innhaldet som blir produsert.

Journalistikk i ulike format og kanalar

Tenk deg at eit samla norsk pressekorps har møtt opp for å dekkje ei viktig hending. Alle dei store mediehusa er representerte, og journalistane skal lage saker for TV, radio, avis og internett. Hendinga skal dokumenterast.

Journalistane må ta bevisste val, men dei går fram på ulike måtar. Ein avisjournalist er avhengig av intervju, skriftlege skildringar og ein formålstenleg skrivemodell. Gode pressebilete er òg viktige når hendinga skal dokumenterast og til slutt ende opp som ein reportasje i avisa. Ein TV-journalist må sørgje for å få gode sitat frå intervjuobjekta sine. Nyheitssaka må ha gode og relevante klippebilete, ein tydeleg voice-over og ei bevisst oppbygging før ho er klar for publisering på TV.

Eit eksempel: statsbudsjettet

Kvar haust legg regjeringa fram forslag til statsbudsjett for Stortinget. Dette er ei sak som blir dekt breitt av pressa i Noreg. Statsbudsjettet er eit uttrykk for myndigheitene sin politikk på ei rekkje område. Denne informasjonen er det viktig å formidle til ulike målgrupper gjennom journalistiske tekstar, bilete og lyd.

Finansminister Siv Jensen (Frp) på veg frå Finansdepartementet til Stortinget for å leggje fram statsbudsjettet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fleirmediale journalistar med digital kompetanse

Journalisten sin arbeidskvardag er prega av høgt tempo og raske endringar. Dei fleste journalistar i dag er fleirmediale, det vil seie at dei lagar innhald som skal leggjast ut på fleire plattformar.

Ei nyheitssak skal publiserast på tradisjonelle kanalar som TV og radio, samtidig som at journalisten gjerne òg må lage ei sak til mediehuset sine nettsider og sosiale mediekanalar. Det betyr at dagens presse må kunne bruke ulike verkemiddel og framgangsmåtar i arbeidet sitt.

Ein person med masse opptaksutstyr på kroppen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Pressa sine arbeidsmetodar har alltid vortne påverka av teknologien. Journalistar i mediebransjen i dag må meistre ny teknologi og ulike digitale verktøy.

På sosiale medium

Ein journalist som jobbar med sosiale medium, må vere oppdatert på dei digitale verktøya som blir brukte på sosiale publiseringskanalar. På sosiale medium er det viktig å skape interesse. Bodskapen må skilje seg ut, og journalisten må vite kva for saker som skaper engasjement.

CC BY-SASkrive av Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 17.10.2019