Hopp til innhald

Fagstoff

Praktisk eksamen i mediesamfunnet og medieuttrykk 1, 2 og 3

I mediesamfunnet og medieuttrykk kan du bli trekt ut til praktisk eksamen på vg1, vg2 og vg3.
Foto av tre gutar med briller som smiler mot kamera. Dei ber på videokamera og ein mikrofonbom.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Gjennomføring av praktisk eksamen

Praktisk eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt, som vil seie at det er forskjellar på korleis eksamensforma blir løyst i ulike delar av landet.

  • Fylkeskommunen din kan ha bestemt at du skal ha 24 timar eller 48 timar førebuingstid.

  • Sjølve eksamenen kan vare alt frå 1 til 5 timar.

  • Det varierer om skular og fylkeskommunar har med og vurderer ein munnleg del.

  • Det kan vere forskjell på korleis skular løyser praktisk eksamen for mediesamfunnet og for medieuttrykk.

Det viktigaste er at du passar på å få god informasjon om rammene for akkurat den praktiske eksamenen du skal ha på skulen din, og at du veit på førehand kva du blir vurdert ut frå.

Vurdering

Læreplanen i faget ligg til grunn for vurdering av eksamensarbeidet.

I ein lokalgitt eksamen har som regel faglæraren din vore med og laga eksamenen. Faglæraren din er eksaminator under eksamenen og vil vere den som stiller deg spørsmål, gir deg svar og kommentarar og hjelper deg om du skulle trenge det. Faglæraren din har òg vore med og laga vurderingskriteria for eksamen.

Sensoren under eksamenen er ein lærar frå ein annan skule. Læraren din og sensoren vurderer arbeidet ditt og set eksamenskarakteren. Kompetansen du viser på eksamensdagen, sett opp mot vurderingskriteria, ligg til grunn for karakteren du får. Du får vite karakteren din same dag og får ofte ei munnleg forklaring på han.

Til lærer

Våren 2023 organiserte Mediepedagogene eit seminar om eksamen. I oppsummeringsnotatet frå seminaret får du innsikt i ulike rammer for praktisk eksamen og døme på eksamensoppgåver. Du finn oppsummeringsnotatet frå eksamensseminaret på nettsidene til Mediepedagogene.

Kjelde

Mediepedagogene. (2023, 6. april). Eksamensforslag for 2023. http://www.mediepedagogene.no/2023/04/eksamensforslag-for-2023/





CC BY-SASkrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 19.08.2021

Læringsressursar

Årsplanar og eksamen