Vurder møbelstoff til ein lenestol
I denne oppgåva skal du vurdere ulike kvalitetar på tekstil brukt til ein lenestol.
Oppgåve
Bruk internett og søk opp ein polstra lenestol frå ein møbelleverandør i proffmarknaden. Møbelleverandørar har ofte underleverandørane sine presentert på nettsida si. Du kan velje ein av desse.
Bruk litt tid på nettsida og sjå på kva møbelstoff dei tilbyr.
Vel nokre av stoffa. Finn ut korleis dei ser ut, kva dei er laga av, og kva eigenskapar stoffa har. Samanlikn kvaliteten i tekstila du har valt ut.
Bruk eit materialbibliotek og finn fram ulike tekstilkvalitetar, eller dra til ein møbelleverandør og sjå på dei ulike møbelstoffa dei har i butikken.
Relatert innhald
CC BY-SASkrive av Gunn Elin Birkenes.
Sist fagleg oppdatert 20.05.2022