Protein
Protein finst i alle plantar og dyr og har mange ulike funksjonar. Protein inngår i oppbygging av vev og strukturar. I kroppen vår finst det protein i alle celler, og det blir brukt til å byggje opp hud, hår, negler og musklar. Andre protein bidreg til transport, lagring, hormon og enzym.
Type protein | Døme på protein | Funksjon |
---|---|---|
Fordøyingsenzym | amylase, lipase, pepsin, trypsin | hjelpe til med nedbryting av næringsstoff |
Transport | hemoglobin, albumin | frakte stoff via blod og lymfe |
Struktur | aktin, tubulin, keratin | danne strukturar i cellene |
Hormon | insulin, tyroksin | overføre signal |
Forsvar | immunoglobulin | forsvare kroppen mot farlege stoff |
Samantrekking | aktin, myosin | utføre muskelsamantrekking |
Lagring | lagringsprotein hos belgvekstar, albumin i eggekvite | gi næring i tidleg fosterstadium og til frøplantar |
Protein er store molekyl som er bygde opp av lange kjeder av aminosyrer. Aminosyrer er stoff som både er basar og syrar. Aminogruppa () har basiske eigenskapar, mens syregruppa () har sure eigenskapar.
Begge gruppene er bundne til det same karbonatomet. Til dette karbonatomet er det òg bunde eit hydrogenatom og ei gruppe som vi kan kalle R (restgruppe). Det er denne sidekjeda som skil ulike aminosyrer frå kvarandre. Det finst 20 aminosyrer som vi reknar som vanlege.
Kjedene med aminosyrer blir danna når fleire aminosyrer reagerer med kvarandre og dannar peptid. Protein er lange peptidkjeder.
Essensielle aminosyrer kan du ikkje lage sjølv
Tolv av dei 20 aminosyrene kan kroppen lage sjølv, men 8 av dei må vi få gjennom maten. Desse åtte aminosyrene kallar vi essensielle eller livsviktige. Spedbarn må i tillegg få cystein tilført utanfrå. Heldigvis er morsmelk ei god kjelde for denne aminosyra.
Eit variert kosthald vil gi deg nok essensielle aminosyrer, men dei som unngår kjøt, fisk, egg og/eller mjølkeprodukt, må vere meir klar over kva dei et, for å sikre seg at dei får nok essensielle aminosyrer.
Aminosyrer som kroppen ikkje har behov for, blir forbrende eller danna om til feitt. Urea (urinstoff) er det avfallsproduktet som blir danna når protein blir brotne ned. Det inneheld nitrogenet frå aminosyrene og blir skilt ut med urinen.
Denaturering – protein blir øydelagde
Fasongen til proteinet blir bestemt av mellom anna hydrogenbindingar mellom aminosyrene. Bindingane blir påverka av temperatur, pH og kjemikaliar, og gjer at proteinet endrar form. Dermed vil ikkje proteinet fungere som det skal. Vi seier at proteinet blir denaturert. Når vi steikjer egg, blir proteinet i eggekviten denaturert. Dette kan vi sjå ved at eggekviten blir kvit.
Kjeder av aminosyrer som enno ikkje er ferdige protein, kallar vi polypeptidkjeder. Desse kjedene blir kveila opp på fleire ulike måtar og dannar mange ulike protein. Det er rekkjefølgja av aminosyrene og lengda på polypeptidkjeda som avgjer korleis kjeda skal kveile seg opp, og kva eigenskapar proteinet skal få. Rekkjefølgja og utvalet er bestemt av gen i DNA-et vårt. Ei feil aminosyre i rekkja kan gjere at proteinet ikkje verkar slik det skal.
Openstax. (2020, 18. januar). Proteins. Henta 8. mai 2020 frå https://openstax.org/books/biology-2e/pages/3-4-proteins