Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva trur du om årsaker til klimaendringane?

I denne oppgåva skal du prøve å skilje mellom påstandar og fakta og vurdere pålitelegheit hos ulike kjelder.

Heftet «NATUREN – ikke menneskene – styrer jordas klima!» blei for ei tid tilbake sendt ut til alle dei vidaregåande skulane i landet. Publikasjonen stammar frå foreininga Klimarealistene.

I eit tilsvar med faglege vurderingar og referansar har Bjerknessenteret for klimaforsking (BCCR) og Cicero: Senter for klimaforsking påvist faglege feil, forvrenging, utelatingar og misforståingar, og innhaldet blir samanlikna med propaganda. Kva meiner du?

Debattoppgåver

  1. Vurder fakta, påstandar og argument frå begge hald. Kva meiner du?
  2. Korleis kan ein vite om opplysningane kjem frå pålitelege kjelder?
  3. Korleis er påstandane underbygde i dei to publikasjonane frå Cicero og Bjerknes og i heftet frå Klimarealistene?
  4. Kvifor skulle nokon ønskje å spreie uriktig informasjon om klimaforsking?
  5. Kven står bak Klimarealistene, Cicero og Bjerknessenteret for klimaforsking?
  6. Kva synest du om at slike brosjyrar blir sende ut til alle dei vidaregåande skulane i landet?


Menneskeslekta, «vi», står overfor den vanskelegaste situasjonen vår nokosinne.


Kva skal vi gjere?

Vi set inn klimatiltak

Vi set ikkje inn klimatiltak

Dersom globale klimaendringar ikkje er menneskeskapte:

Vi påfører oss ein masse unødvendige kostnader.
Faren for ei alvorleg global nedgangstid er stor.

Smilefjes med trist uttrykk. Illustrasjon.

Vi var heldige, vi brukte ikkje pengar unødig, og klimaet ville uansett ha blitt som det blei.

Grønt smilefjes med solbriller. Illustrasjon.

Dersom globale klimaendringar er menneskeskapte:

Vi hadde store kostnader, men pengane var godt brukte, fordi vi blei redda frå dei verste klimakatastrofane.

Smilefjes med fornøyd smil. Illustrasjon.

Vi var uheldige, vi burde ha gjort noko. Det er stort sannsyn for globale katastrofar innan økonomi, politikk, samfunn, helse og miljø.

Grønt smilefjes gråter så tårene spruter. Illustrasjon.

I filmen Klimakrisa – Folkeopplysninga med Andreas Wahl og Klimarealistene lar programleiar Andreas Wahl klimaskeptikarane sleppe til og ettergår alle påstandane deira for å sjekke om dei har noko for seg.

Relatert innhald

Kva for kjelder kan vi stole på, og kan vi bruke dei som vi vil? Vi treng kompetanse i å søkje informasjon, og vere i stand til å vurdere kvaliteten.

CC BY-SASkrive av Kristin Bøhle.
Sist fagleg oppdatert 14.05.2018

Læringsressursar

Utforsking, risiko og rapport