Demoforsøk: Flammefargar
Flammefargar
Skildring av filmen
Flammeprøvar med tre ulike stoff. Frå tre begerglas stig det flammar. I det første begeret er det ein liten, grøn flamme, i det andre er det ein større, rosa-raud flamme, og i det siste begeret er det ein stor, oransje flamme.
Hensikt
I dette forsøket skal du brenne løysningar av ulike salt for å få fram dei karakteristiske fargane til metalliona som inngår i salta. Denne metoden kan òg brukast når ein analyserer eit salt, for å finne ut kva metallion som inngår i saltet.
Utstyr
natriumklorid,
koparklorid,
(Sikkerheitsdatablad for kopar(I)klorid)CuCl 2 litiumklorid,
(Sikkerheitsdatablad for litiumklorid)LiCl strontiumkloridheksahydrat,
, (Sikkerheitsdatablad for strontiumkloridheksahydrat)SrCl 2 · 6H 2 O etanol (Sikkerheitsdatablad for etanol)
begerglas eller keramikkskåler
fyrstikkar
vernebriller, hanskar og labfrakk
Framgangsmåte
Gjennomfør forsøket i eit avtrekksskap. Det er lettast å sjå flammefargane viss det er mørkt i rommet.
Lag 0,1 % løysningar av dei ulike salta ved å vege inn 0,1 g stoff som blir løyst i 100 mL 70 % etanol.
Tilset litt av løysningane i eit lite begerglas eller i ei keramikkskål.
Tenn på løysningane med ein lang fyrstikk.
Risikovurdering
Tabellen viser eit utdrag av moment for dei ulike stoffa. Les datablada for dei enkelte stoffa for detaljert informasjon om bruk, verntiltak og avfallshandtering.
stoff | faresetningar | piktogram | avfallshandtering |
---|---|---|---|
koparklorid | Farleg ved svelging eller hudkontakt. Irriterer huda. | Blir behandla som farleg avfall. | |
litiumklorid | Farleg ved svelging. | Blir behandla som farleg avfall. | |
strontiumklorid | Gir alvorleg augeskade. | Blir behandla som farleg avfall. | |
etanol | Særs brannfarleg væske og damp. | Blir behandla som farleg avfall. |