Hopp til innhald

Fagstoff

Kvar kjem fordommar frå?

Alle fordommar er stereotypiar, men ikkje alle stereotypiar er fordommar. Skilnaden er at mens stereotypiar er ei tru eller ei oppfatning som heile tida kan endrast, er fordommar ei haldning som hindrar ein i å vere open for endringar.
Norge for nordmenn på ei tavle. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Du har lært at fordommar er haldningar som får ein til å døme ei gruppe menneske på førehand. Dersom vi har fordommar mot andre grupper, vil vi neppe vere villige til å endre desse fastlåsne meiningane våre, sjølv om vi får nye opplysningar og haustar nye erfaringar knytte til gruppa.

Eit døme på fordommar?

I dette tenkte dømet møter vi ei ung mor. Ho hevdar at ho ikkje har fordommar. Er du einig?

Eg har ikkje fordommar. Heldigvis.

Mor og barn. Foto.

– Eg har ikkje fordommar. Heldigvis. Fordommar er veldig gamaldags, eigentleg. Før hadde folk mange fordommar. Særleg personar frå landet. Dei visste ikkje betre, stakkars ... Mange stader hadde dei aldri sett folk med svart eller brun hud. Dei blei sikkert redde da det dukka opp sånne ...

– Fordommar har gjerne med utdanning å gjere. Viss ein er sånn nokolunde utdanna, har ein ikkje fordommar. I familien vår, til dømes, har vi ein au pair frå Filippinane. Vi har ikkje fordommar mot å ta sånne inn i huset. Det er så greitt med damer frå Asia eller Afrika, for dei er jo mykje billigare å leige. Dei tek til takke med mindre, kan du seie. Dei er ikkje så kravstore ...

– Og det er veldig viktig for mannen min og meg at barna får ei god oppseding, sånn at dei ikkje skal få nokre former for fordommar. Vi sleit litt med dette da vi budde ein periode i Trøndelag, for der er dei ofte nokså vulgære. Dei busar ut med ting. Dei har liksom ikkje danning. Og da er det vanskeleg å drive god barneoppseding. Vi budde i Nord-Noreg ein periode òg, og det er ærleg talt ikkje mykje betre der. Vi måtte halde ungane heime om ettermiddagane og kveldane for at dei ikkje skulle begynne å snakke nordnorsk. Det skulle ha teke seg ut, at ungane begynte å snakke DIALEKT!

– Vi prøver å ha litt kontroll med kven barna våre er saman med. Vi vil jo ikkje at dei skal hamne i rusmiljø eller saman med menneske som ikkje er utdanna og opplyste. Det er jo i sånne miljø at fordommar florerer. Som sagt, dette med rasisme heng jo direkte saman med utdanning. Mannen min og eg har heldigvis eit veldig medvite forhold til desse tinga. Viss jentene våre, når tida kjem, vel menn frå andre kulturar, så er det jo berre spanande! Veldig spanande, faktisk. Tenk berre på ulike matkulturar og design. Jau, her har vi mykje å lære av andre kulturar. Men det er jo ENKLARE sjølvsagt, om dei ikkje vel veldig farga menn, da. For elles blir det jo vanskeleg for ungane deira ... sånn med tanke på mobbing, meiner eg ...

Kenneth Clark om rasefordommar i USA

Kenneth Clark (1914–2005) og kona hans studerte dei psykologiske effektane av segregeringspolitikken som var rådande i sørstatane i USA heit fram til 1960-talet. Dei studerte afroamerikanske barn og kva effekt denne politikken hadde på sjølvbiletet deira.

For å undersøke dette laga dei ein såkalla «dokke-test», der dokkene hadde ulik hudfarge, eller nyansar av hudfarge. Barna viste rasemedvit både når det gjaldt val av dokke og identifisering av kva dokke som svarte til deira eiga rasetilhøyrsle. Da barna blei bedne om å velje den dokka dei helst ville leike med, eller likte best, og kva dokke dei ikkje syntest var noko pen, viste både kvite og svarte ein preferanse for den kvite dokka. Ut frå dette stilte Clark følgjande spørsmål: «Kven lærer barn å hate og frykte eit medlem av ein annan rase?»

Segregeringspolitikken i sørstatane i USA gjekk ut på at svarte og kvite amerikanarar skulle leve åtskilte, og at svarte ikkje hadde same rettar som kvite borgarar. Clarks dokketestar blei gjennomførte frå 1930- til 50-talet, altså før denne politikken blei oppheva ved lov på 1960-talet.

Det skremmande og sjokkerande ved undersøkinga var ikkje korleis kvite barn tok over rasistiske haldningar og kvar dei fekk dei frå, men at svarte barn nedvurderte seg sjølve. Segregeringspolitikken, der ein tidleg lærte kor ein høyrde til som kvit eller svart, og foreldre, venar og media hadde direkte effekt på sjølvbiletet hos små barn.

Rasefordommar i USA i dag

Ei innvending mot Clarks dokketest er at han er gamal, og at funna til ekteparet ikkje har relevans i dag. I 2005 gjorde Kiri Davis eksperimentet om att i Harlem i New York. Ho spurde 21 afroamerikanske barn om kva dokke dei føretrekte. 71 % svarte at den kvite dokka var den "penaste". Dette eksperimentet er ein del av filmen hennar, "A Girl Like Me".

Fire år seinare, altså etter at Obama var blitt den første svarte presidenten i landet, var 19 afroamerikanske barn med på dokketesten i regi av "Good Morning America" på TV-kanalen ABC. På spørsmålet om kva dokke dei syntest var penast, var det ingen tydeleg preferanse hos gutane, mens 47 % av jentene syntest den kvite var penast.

I begge desse forsøka var utvalet mindre enn i Clarks opphavlege test, men den negative haldninga til eigen hudfarge, er likevel slåande.

CC BY-SASkrive av Trude Løvskar og Eli M. Huseby.
Sist fagleg oppdatert 13.12.2018

Læringsressursar

Kommunikasjon og kulturforståing