Hopp til innhald

Fagstoff

Fagomgrep i faget kommunikasjon og yrkesutøving

Her har vi samla nokre omgrep som blir nytta i faget kommunikasjon og yrkesutøving.
To personar i eit kontorlandskap, der den eine har hovudtelefonar og ser på ein dataskjerm. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Avsendar
Personen eller verksemda som sender ei melding.

Distribusjonseigenskapar
Den evna ein kommunikasjonskanalen har til å nå ei målgruppe.

Eigenverdi
Ein verdi vi set pris på det for verdien si eiga skuld. Det kan til dømes vere lykke eller fridom.

Etisk dilemma
Ein situasjon der du er usikker på kva som er etisk rett å gjere. I etiske dilemma finst det inga enkel løysing.

Fordommar
Førehandshaldningar om personar som høyrer til bestemte grupper, som ein bestemt kultur, eit bestemt kjønn eller ei bestemt seksuell orientering.

Formelle normer
Reglar som er nedskrivne, som Noregs lover.

Gråsoner
Situasjonar der det gjeldande regelverket ikkje er eintydig, og der det derfor er rom for tolking og etiske vurderingar.

Handlemåte
Kva måte vi vel å gjere noko på.

Haldningar
Innstillingane dine til ein situasjon.

Ibuande verdi
Ein verdi som gjeld uavhengig av om nokon set pris på han. Til dømes vil mange seie at mennesket og naturen har ein verdi i seg sjølv.

Instrumentell verdi
Ein verdi vi set pris på fordi han kan hjelpe oss med å oppnå noko anna. Ein pengesetel har til dømes ingen verdi i seg sjølv, men han kan vere eit middel for å kjøpe noko som har verdi.

Interessentar
Grupper som kan ha innverknad på verksemda, og som verksemda har innverknad på. Interessentar kan til dømes vere kundar, medlemmer, medium, politikarar og forvaltninga.

Konsekvens
Utfallet av det nokon gjer.

Konsekvensetikk
Etikk der vi er mest opptekne av at utfallet skal vere etisk riktig.

Mottakar
Den som tek imot ei melding.

Namneretten
Retten ein opphavsperson har til å bli namngitt, til dømes ved attgiving av eit bilete, ein tekst eller eit musikkstykke.

Nonverbal
Kommunikasjon utan ord.

Normer
Både formelle og uformelle reglar. Formelle reglar kan vere nedskrivne lover og reglar, og uformelle reglar kan vere uskrivne reglar. Til dømes har vi normer for bordskikk som ikkje er skrivne ned.

Pliktetikk
Når vi er opptekne av ein etisk riktig handlemåte.

PR
Nemninga på den medieomtala ei verksemd, eit produkt eller ein person kan få som ikkje er betalt av avsendaren. Vi kan òg nytte uttrykket fortente kanalar.

Presentasjonseigenskapar
Den evna ein kommunikasjonskanal har til å presentere bodskapen. Dette kan dreie seg om til dømes teknisk kvalitet, fargar, lyd, plassering og tidspunkt.

Reaksjonseigenskapar
Den evna ein kommunikasjonskanal har til å framkalle reaksjonar.

Reklame
Ei form for betalt massekommunikasjon der avsendaren er identifiserbar. Formålet med reklame er å vekkje merksemd, skape interesse, informere eller selje.

Respektretten
Respektretten vil seie at dersom andre bruker eller offentleggjer eit verk, må det ikkje skje på ein måte som er krenkjande for opphavspersonen eller respekten til verket.

Salsfremjande tiltak
Tiltak for å stimulere til sal.

Sanksjonar
Negative, eller nokre gonger positive, reaksjonar på åtferda til nokon.

Stereotypiar
Fastlåste og generaliserte idear om ei gruppe menneske, til dømes yrkesgrupper eller nasjonalitetar.

Tilbakemelding
Den responsen ei melding utløyser.

Uformelle normer
Uskrivne reglar basert på til dømes tradisjonar og skikkar.

CC BY-SASkrive av Cecilie Lund.
Sist fagleg oppdatert 28.07.2021

Læringsressursar

Faglege omgrep og studietips