Normer, verdiar og haldningar
Therese Johaug er ein norsk skiløpar. I 2016 blei ho dømd til 18 månaders utestenging for doping etter å ha fått ein forboden leppekrem av legen til landslaget. Lance Armstrong vann VM og Tour de France sju gonger før han blei teken i den største dopingskandalen til sykkelsporten. Han innrømde seinare å ha dopa seg bevisst og systematisk for å vinne.
Sjå pressekonferansen ovanfor med Therese Johaug etter dopingavsløringa og les artikkelen "Lance Armstrong innrømmet doping hos Oprah på NRK" (eller sjå videoen).
Samanlikn haldningane, verdianeog normene i dopingsaka til Therese Johaug med dopingsaka til Lance Armstrong. Kva er forskjellane og likskapane?
Diskuter følgande handlingar med sidemannen. Når kan det vere gale, og når kan det vere rett
å slåst
å jukse
å hemne seg
å drepe
å ikkje gjere noko
å vere ulydig
å slå eit barn
å stele
å ikkje vite
å vere først
å snakke
å lytte
å gøyme seg?
(Brenifier, s. 30)
Finst det nokon fasitsvar i etikken? Kan du komme på nokon konkrete døme på handlingar som alltid er galne, uavhengig av tid, stad og omstende?
Kvifor forandrar etikken seg? Ta gjerne utgangspunkt i konkrete døme. Diskuter dette med ein medelev.
Relatert innhald
Normer, verdiar og haldningar er sentrale omgrep i etikken. Men kva betyr dei eigentleg?