Budsjett og rekneskap
Eit budsjett er ein plan for korleis du vil bruke pengane dine i framtida.
Ein rekneskap er ei oversikt over korleis du faktisk har brukt pengane.
Thea er 19 år og har byrja som lærling hos ein røyrleggjar. Ho har utbetalt ei lønn på 12 250 kroner per månad. Ho har flytta på ein hybel. Den leiger ho for 4 500 kroner per månad.
Thea set opp eit budsjett i eit rekneark som viser korleis ho planlegg å bruke inntektene den første månaden. Nedanfor ser du delar av dette reknearket.
| A | B | C | |||
---|---|---|---|---|---|---|
1 | Budsjett for Thea | |||||
2 |
|
|
| |||
3 | Inntekter |
|
| |||
4 | Lønn | 12250 | kr | |||
5 | Sum | 12250 | kr | |||
6 |
|
|
| |||
7 | Utgifter |
|
| |||
8 | Leige av hybel | 4500 | kr | |||
9 | Mat og drikke | 1870 | kr | |||
10 | Andre daglegvarer | 340 | kr | |||
⋮ |
Filer
- Budsjett for Thea(XLSX)
Det er vanleg å samle utgifter i kategoriar (grupper) slik at til dømes utgifter til frisør, såpe, tannkrem og så vidare blir samla i kategorien "Personleg pleie". Her går òg utgifter til eit årleg tannlegebesøk inn.
Talet på og typar kategoriar varierer. Til dømes har kanskje ein småbarnsfamilie ein kategori med "Spedbarnsutstyr".
Gjennom månaden noterer Thea det verkelege forbruket og plasserer utgiftene i rett kategori i eit rekneark. Tabellen nedanfor viser delar av reknearket.
|
| Inntekter | Utgifter | |||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Dag |
|
| Leige av hybel | Mat og drikke | Andre daglegvarer | Klede og sko | ||||||
1 | Leige av hybel |
| 4500 |
|
|
| ||||||
3 | Matvarer |
|
| 279 |
|
| ||||||
5 | Nye bukser |
|
|
|
| 349 | ||||||
5 | Andre daglegvarer |
|
|
| 129 |
| ||||||
⋮ |
Filer
- Rekneskap for Thea(XLSX)
Thea har valt å kopiere rekneskapen til ein kolonne ved sidan av budsjettet, slik at ho i kolonnen "Differanse" til ei kvar tid kan sjå korleis ho ligg an i forhold til budsjettet.
Thea har budsjettert med eit overskot på 1 390 kroner. Rekneskapen viser eit overskot på 1 456 kroner. Det er kroner 66 meir enn budsjettert.
Det går òg fram av rekneskapen at det har vore størst overskriding på "Personleg pleie", mens for "Internett, telefon" har utgiftene vore klart mindre enn budsjettert.
Rekneskapen for éin månad gir grunnlag for betre budsjettering for neste månad. Kanskje kan ho til dømes redusere "Internett, telefon" i budsjettet til fordel for "Mat og drikke"?
Statens institutt for forbruksforskning (SIFO) har utarbeidd eit referansebudsjett for forbruksutgifter som er rekna ut for vanlege familiar. Utgiftspostane som ligg i dette budsjettet, representerer eit normalt forbruk til ein gjennomsnittleg norsk familie. Du finn dette budsjettet ved å gå til referansebudsjett og kalkulator frå SIFO (Oslomet). Her legg du inn opplysningar om personane i hushaldet, og du får ut ei budsjett som viser kva hushaldet må rekne med av utgifter.