Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Velferdsteknologi

Her finn du nokre oppgåver som går inn under læreplanmålet "eleven skal kunne gjere berekningar knytte til velferdsteknologi som har med økonomi å gjere".

4.5.1

Nokre eldre personar bur på sjukeheim fordi dei lir av kognitiv svikt. Viss dei bur heime åleine, er det fare for at dei kan gå seg vill. Mange av desse kan halde fram med å bu heime, dersom dei får ulike tenester frå kommunen som heimehjelp og ein tryggleiksalarm som kan spore dei viss dei er ute.

a) I Bergen har dei desse satsane i 2020. Tala er henta frå nettsidene til Bergen kommune:

Digital tryggleiksalarm pr månad

Pris i kroner

Inntekt under 199 716 (2G)

228

Inntekt over 199 716 (2G)

310

Kor mykje må ein person som har ei inntekt på 250 000 kr i året, betale årleg for tryggleiksalarm?

Løysingsforslag

Vi ser at denne inntekta er over 2G, dermed skal brukaren betale 310 kr per månad. Vi gonger med 12:

310 krmnd·12 mnd=3 720 kr

b) Finn ut kva dei eldre i kommunen din må betale i eigenandel for tryggleiksalarm per år.

Løysingsforslag

Søk på nettsidene til kommunen din.

c) Undersøk og lag ei samanlikning av kva det kostar for tryggleiksalarm i dei fire største byane i Noreg.

Løysingsforslag

Dei fire største byane i Noreg er Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger. Eg samanliknar her tala frå 2020 og framstiller desse tala i eit stolpediagram i reknearket Excel:

Tabellen viser månadspris for tryggleiksalarm i Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger. I Oslo er alarmen gratis for dei med inntekt under 3G og kostar 245 kr for dei med høgare inntekt. I Bergen kostar alarmen 228 kr for dei som tener under 2G og 310 kr for dei med høgare inntekt. I Trondheim er alarmen gratis, uansett kor mykje du tener. I Stavanger kostar alarmen 210 kr for dei som tener under 2G, 309 kr for dei som tener mellom 2G og 3G og 618 kr for dei med høgare inntekt. Skjermutklipp.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Diagram over månadsprisene på tryggleiksalarm i dei fire byane Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger. I Oslo er alarmen gratis for dei med inntekt under 3G og kostar 245 kr for dei med høgare inntekt. I Bergen kostar alarmen 228 kr for dei som tener under 2G og 310 kr for dei med høgare inntekt. I Trondheim er alarmen gratis, uansett kor mykje du tener. I Stavanger kostar alarmen 210 kr for dei som tener under 2G, 309 kr for dei som tener mellom 2G og 3G og 618 kr for dei med høgare inntekt. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

4.5.2

Under koronapandemien hadde nesten alle skuleelevar heimeskule i mange veker. For mange var dette ei vanskeleg tid. For ein del sjuke barn er dette kvardagen i lengre tid, òg når verda ikkje er midt i ein pandemi. Ein måte for desse barna å følgje med på skulen kan vere å ha ein liten robot plassert på pulten sin i klasserommet. Eit selskap som har desse robotane har sett følgjande prisar:

1: månadsleige på 2 990 kr. 4G-abonnement er inkludert.

2: årsleige på 18 000 kr. 4G-abonnemnent er inkludert.

3: kjøpe robot sjølv for 19 000 kr. Her må du betale 650 kr i månaden for eit 4G-abonnement.

a) Kva kostar dette i året dersom du vel månadsleige?

Løysingsforslag

2 990 kr·12=35 880 kr

b) Kva kostar det for eitt år dersom du vel å kjøpe roboten sjølv?

Løysingsforslag

19 000 kr+12·650 kr=26 800 kr

c) Kva løysing vil løne seg viss du treng roboten i to heile år?

Løysingsforslag

Her samanliknar vi det å kjøpe sjølv med årsleie (sidan vi allereie ser at månadsleige er dyrare enn å kjøpe sjølv):

Årsleige: 2·18 000 kr = 36 000 kr

Kjøpe sjølv: 19 000 kr+24·650 kr = 34 600 kr

Vi ser at det løner seg å kjøpe sjølv viss du treng han i to heile år.

4.5.3

Ein kommune med cirka 8000 innbyggjarar har cirka 30 personar med psykisk utviklingshemming, av ulik alvorsgrad, som bur i bustad med tilsyn. Kommunen ønskjer å undersøkje om såkalla «smarthusteknologi» kan bidra til at dei kan spare inn på personalutgiftene i bustadene.


Kommunen fekk eit tilbod frå eit firma som installerer slik teknologi på cirka 28 000 kr per bueining. I tillegg må breibandet oppgraderast, slik at utgiftene per bueining aukar med 250 kr per månad.


a) Kva blir dei totale kostnadene det første året?

Løysingsforslag

30·(28 000 kr +12·250 kr) = 930 000 kr

b) Kor mykje må kommunen spare inn i lønnsutgifter for at investeringa skal ha lønt seg over ein femårsperiode?

Løysingsforslag

Vi reknar ut kva det kostar dei første fem åra:

30·28 000 kr + 5·30·12·250 kr=1 290 000 kr

4.5.4

Koronasjukdommen gjorde at mange sjukeheimar og andre institusjonar måtte nekte bebuarane sine å ha besøk. Gjennom denne tida byrja mange sjukeheimar å la dei gamle kommunisere med pårørande gjennom digitale medium. Ein kommune hadde så god erfaring med dette at dei valde å kjøpe inn nettbrett til alle bebuarane på sjukeheimane sine. Kommunen hadde 200 plassar på sjukeheim, og måtte dermed kjøpe inn 200 nettbrett.


a) Kommunen innhentar eit anbod på 3 500 kr per nettbrett. Kor mykje må dei betale til saman?

Løysingsforslag

200·3 500 kr=700 000 kr

b) Kommunen synest det blir veldig dyrt, og vurderer å krevje inn eigenandel på 20 % frå kvar bebuar. Kor mykje vil kommunen spare på det?

Løysingsforslag

700 000 kr·0,20=140 000 kr

c) Kommunen vurderer òg å gi kvar bebuar 2 500 kr i støtte, slik at kvar enkelt kan kjøpe det nettbrettet dei ønskjer. Kor mykje vil kommunen spare på dette i forhold til dei to andre ordningane?

Løysingsforslag

I denne løysinga må kommunen ut med 200·2 500 kr = 500 000 kr. Dette er 200 000 kr mindre enn om dei kjøper inn nettbretta sjølve, og 60 000 kr mindre enn om dei gir stipend til brukarane.

4.5.5

Miniprosjekt:

Ein person som flyttar på sjukeheim, betaler for tilbodet. Utrekninga er komplisert og varierer frå kommune til kommune, men ein bebuar betaler cirka 80 % av inntekta si. I Bergen kommune er maksimal eigenbetaling 43 400 kr per månad i 2020 for opphald på sjukeheim. Ulike former for velferdsteknologi kan bidra til at eldre kan bu heime med god livskvalitet lenger. Gå til nettsidene til kommunen din, og sjå om du kan finne ut kor mykje kommunen din kan spare, viss ein eldre person kan bu heime eit ekstra år før det blir nødvendig med institusjon.

CC BY-SASkrive av Tove Annette Holter.
Sist fagleg oppdatert 28.08.2020

Læringsressursar

Velferdsteknologi