Datamaskinar har utvikla seg mykje sidan dei første av dei vart bygde på midten av 1900-talet. Dei er raskare, har større datalager og er i dag overalt rundt oss. Dei utfører andre typar oppgåver og dekkjer andre behov enn tidlegare. Den grunnleggjande funksjonen til datamaskinar er likevel stort sett uendra sidan starten.
Datamaskinen tek imot kommandoar gjennom kode og inndata («input») som ho omarbeider, og basert på programmeringa gir han oss eit resultat i form av utdata («output»). Heilt frå den enklaste IoT-sensoren til den mest kompliserte superdatamaskinen er det på denne måten det fungerer.
Vi skal her sjå på programmering og ta for oss generelle problemstillingar i samband med kode og kodeforståing. Vidare skal vi innom MicroBit, Arduino, programmeringsspråk og koding vi bruker til robotprogrammering.