Hopp til innhald

Fagstoff

Straum, spenning, motstand og effekt

Du har kanskje høyrt snakk om desse fire begrepa? Der vi kan sjå og kjenne på vatn eller lukte på olja, er elektrisiteten heilt usynleg. Han gir oss heilt fantastiske moglegheiter, men samtidig er det knytt stor risiko til arbeidet. Her får du ei innføring i desse fire omgrepa.

Straum

Straum (ampere) eller strøyming betyr her ein «straum av elektron» som vandrar i ein leiar – ein straumleidning. Ein straum kan vere låg eller høg, alt etter behovet eller effekten.

Spenning

Spenning (volt) er den krafta vi har tilgjengeleg til å få utført eit arbeid – ein effekt, målt i watt (W) eller kilowatt (kW).

Motstand

Motstand (ohm) eller resistans (engelsk/fransk) betyr å hindre, gjere mindre eller stanse. Motstand er heilt sentralt og heilt nødvendig i eit elektrisk anlegg. Motstanden finn vi òg i sjølve arbeidselementet, eller arbeidsdelen, der vi ønskjer at arbeidet skal skje når vi trykkjer på knappen. Visste du forresten at eit batteri har ein eigenmotstand som gjer at det er «tomt» sjølv om det viser 10 volt spenning når vi måler over batteripolene?

Effekt

Effekten, eller arbeidet, blir målt i watt (W) eller kilowatt (kW). Ordet kilowatt betyr 1000 watt og er ofte betre å rekne med eller å snakke om når det gjeld større storleikar.

Eining

Namn

Storleik

Watt med ord

TW

terrawatt

1 000 000 000 000

tusen milliardar watt / ein billion watt

GW

gigawatt

1 000 000 000

tusen millionar watt / ein milliard watt

MW

megawatt

1 000 000

ein million watt

kW

kilowatt

1 000

tusen watt

W

watt

1

éin watt

mW

milliwatt

0,001

ein tusendels watt

μW

mikrowatt

0,000001

ein milliondels watt

nW

nanowatt

0,000000001

ein milliarddels watt

pW

pikowatt

0,000000000001

ein billiondels watt

CC BY-SASkrive av Haldor Hove.
Sist fagleg oppdatert 27.11.2020

Læringsressursar

Ohms lov