Med tryggleik meiner vi ”kontroll over tilstandar eller hendingar som kan føre til tap av verdiar”. Tap i denne samanhengen kan vere:
- skade på kropp og sinn
- skade på materiell og utstyr
- skade på dyr eller natur
Farlege forhold og farlege handlingar
Kvifor skjer ulykker og nestenulykker? Alt som skjer, har ei årsak. Vi kan gruppere årsakene til ulykker og nestenulykker i to hovudgrupper: farlege forhold og farlege handlingar. Farlege handlingar er handlingar som i seg sjølv kan føre til ulykker. Dette kan vere handlingar som skjer på grunn av at nokon er uoppmerksam, har manglande kunnskapar eller slurvar.
Risikoframferd og mangelfulle rutinar kan òg føre til farlege handlingar. Farlege handlingar vil føre til ei ulykke når dei blir tekne opp att mange nok gonger. Farlege forhold er forhold som indirekte aukar sjansen for at ulykker skal inntreffe. Det kan vere uorden, manglande tryggingsutstyr, feilmontert tryggingsutstyr, dårleg vedlikehald og blokkerte rømmingsvegar, for å nemne nokre.
Erfaringar har vist at cirka 90 prosent av alle uønskte hendingar skjer på grunn av farlege handlingar, cirka 10 prosent skjer på grunn av farlege forhold. Dette betyr at bevisstgjering og å ta ansvar er viktig.
Legg merke til at vern mot langsiktige og permanente forhold, som støy i eit støyområde, er plassert under helse og ikkje under tryggleik.