Hopp til innhald

Verktøy og mal

Feriepengar: reknearkfunksjonen HVIS()

Feriepengane til ein arbeidstakar blir rekna ut med to ulike satsar som avheng av alderen til vedkomande. Korleis kan vi få reknearket til å rekne rett ut ifrå alderen?

Feriepengar

Småbåt som har ankra opp i fjordlandskap. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Alle arbeidstakarar i Noreg har krav på feriepengar. Feriepengane blir betalte ut av arbeidsgivar i staden for lønn når du har ferie. Feriepengane skal vere minimum 10,2 prosent av det ein har fått som lønn året før ferien blir avvikla, minus feriepengar dette året. (Det blir ikkje utbetalt feriepengar av feriepengar.) Arbeidstakarar over 60 år har rett på minimum 12,5 prosent.

Vi skal bruke eit rekneark til å rekne ut feriepengane. Vi ønskjer eit rekneark vi kan bruke fleire gonger der vi vil endre på så lite som mogleg for kvar gong vi skal leggje inn ei ny lønn. Utfordringa er at prosentsatsen for feriepengane varierer med alderen til arbeidstakaren.

Vegval i rekneark med funksjonen HVIS()

Dersom vi skulle ha laga eit Python-program som reknar ut feriepengane, ville vi ha brukt ei if-setning som testar på alderen til arbeidstakaren for å avgjere om prosentsatsen skal vere 10,2 prosent eller 12,5 prosent. Vi gjer tilsvarande i rekneark ved å bruke funksjonen HVIS() i den cella der vi reknar ut feriepengane. Ved hjelp av denne funksjonen kan vi teste på om lønnsmottakaren er over 60 år, og deretter blir utrekninga av feriepengane gjort med rett prosentsats. Det krev at vi legg inn alderen på lønnsmottakaren i ei av cellene. (I det tilsvarande Python-programmet må brukaren av programmet skrive inn alderen.)

Med funksjonen HVIS() vil reknearket fungere slik: Dersom alderen er over 60 år, bruker vi 12,5 prosent i utrekninga. Elles bruker vi 10,2 prosent i utrekninga. Funksjonen bruker vi slik:

HVIS(Vilkår; Gjer slik dersom vilkåret er oppfylt; Gjer slik dersom vilkåret ikkje er oppfylt)

Vilkår: I eksempelet her kan vilkåret vere at alderen er større enn 60.
Gjer slik dersom vilkåret er oppfylt: Her vil det vere å rekne ut feriepengane med 12,5 som prosentsats.
Gjer slik dersom vilkåret ikkje er oppfylt: Her vil det vere å rekne ut feriepengane med 10,2 som prosentsats.

Eksempel

I 2018 hadde Eline til saman utbetalt 495 600 kroner frå arbeidsgivaren sin. Av dette var 48 100 kroner feriepengar. Eline er 61 år. Vi ønskjer å finne ut kor mykje feriepengar Eline har krav på frå arbeidsgivaren sin i 2019.

Oppgåve

Set opp eit rekneark med eit inndataområde som inneheld alle opplysningane ein treng for å rekne ut feriepengane for 2019 uavhengig av kva alderen til Eline er. (Det skal bli fem tal til saman.)

Løysingsforslag
Rekneark der samla lønn og feriepengar i kroner for 2018, 495600, feriepengar i kroner i 2018, 48100,  feriepengesats over 60 år i prosent, 12,5, feriepengesats opp til 60 år i prosent, 10,2, og alder på arbeidstakar, 61, er skrivne inn. Overskriftene står i kolonne A og tala i kolonne B.  Skjermutklipp.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Rekneark der inndata er samla lønn og feriepengar i kroner i kroner for 2018, 495600, feriepengar i kroner i 2018, 48100,  feriepengesats over 60 år i prosent, 12,5, feriepengesats opp til 60 år i prosent, 10,2, og alder på arbeidstakar, 61,  er skrivne inn. Overskriftene står i kolonne A og tala i kolonne B.  Nedanfor er feriepengegrunnlaget og sjølve feriepengane for 2019 rekna ut. Skjermutklipp.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I reknearket i bilete 2 har vi rekna ut feriepengane for Eline.

Oppgåve

Kva skal vi skrive i rute B9 for å få rekna ut feriepengegrunnlaget, altså det talet som feriepengane skal reknast ut ifrå?

Fasit

Vi må trekkje feriepengane for fjoråret frå den samla lønna. Då må vi skrive

=B2-B3

i celle B9.

Nedanfor har vi trykt på "Vis formlar" i det ferdige reknearket. Legg merke til formelen i celle B10.

Rekneark der inndata er samla lønn og feriepengar i kroner for 2018, 495600, feriepengar i kroner i 2018, 48100,  feriepengesats over 60 år i prosent, 12,5, feriepengesats opp til 60 år i prosent, 10,2, og alder på arbeidstakar, 61, er skrivne inn. Overskriftene står i kolonne A og tala i kolonne B.  Nedanfor er feriepengegrunnlaget og sjølve feriepengane for 2019 rekna ut. Til høgre er formlane i kolonne B vist. Skjermutklipp.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve

Prøv å skrive ei forklaring på kva som skjer i celle B10.

Løysingsforslag

Kommandoen HVIS() testar først om innhaldet i celle B6, altså alderen, er mindre enn 61. Dersom han er det, vil resultatet i celle B10 bli utrekninga av B9 (feriepengegrunnlaget) multiplisert med innhaldet av B5 (prosentsatsen til og med 60 år) delt på 100. Dersom alderen ikkje er mindre enn 61, vil resultatet bli innhaldet av B9 multiplisert med innhaldet av B4 delt på 100. Skilnaden frå den første utrekninga er at vi multipliserer med innhaldet av rute B4 i staden for B5.

Vi har altså to moglege resultat i rute B10. Det er innhaldet av rute B6, alderen på lønnsmottakaren, som fastset kva for ei av utrekningane som skal brukast.

Lag reknearket som reknar ut feriepengane til Eline. Test kva ho ville ha i feriepengar dersom ho hadde vore 59 år.

Filer

Laptop og eple. Foto.

Ting å lære seg om rekneark

Vis innhald

Reknearkfunksjonen HVIS()

Eksempel:

=HVIS(B1<0; B2+B3; B2-B3)

Formelen gir resultatet av B2 + B3 dersom B1 er mindre enn 0. Dersom B1 ikkje er det, gir formelen resultatet av B2 – B3.

Merk at vi bruker semikolon for å skilje dei tre delane inne i parentesen.

CC BY-SASkrive av Bjarne Skurdal, Olav Kristensen og Stein Aanensen.
Sist fagleg oppdatert 05.06.2020

Læringsressursar

Reknearkkurs: Lønn og sparing