Bifangst
Når vi fiskar, er det ofte ikkje til å unngå at det blir ei blanding av fleire fiskearter. Det er derfor tillate med ein viss prosent bifangst som lovleg kan landast og omsetjast.
Den tillatne blandinga kallast bifangstprosent og blir bestemd av fiskeristyresmaktene.
Kva det enkelte fartøyet kan ha i bifangst, er nøye regulert og kjem an på fleire faktorar, mellom anna storleik på fartøy, fartøygruppe, kvoterettar, område, avstand til grunnlinja (land), reiskapstype og maskestorleik. For kystflåten kan bifangst avreknast kvar veke. Forskrifta blir stadig endra, så det er viktig å følgje med på kva som er gjeldande reglar.
Bruk rekneark når du løyser oppgåva.
Du kombinerer krabbeteiner og seigarn og kan ha følgjande bifangst i løpet av veka:
- 30 % bifangst av uer
- 25 % bifangst av torsk
- 15 % bifangst av breiflabb
Du leverer og summerer opp sluttsetlane for veka som har gått. Dei viser at du har fanga følgjande:
- sei 1650 kg
- krabbe 1500 kg
- uer 1150 kg
- breiflabb 300 kg
- torsk 500 kg
- Start med å setje opp eit rekneark der du skriv inn alle tala over i eit inndataområde.
Rekn ut den totale vekefangsten i kilo.
Rekn ut kor stor prosentdel av vekefangsten den enkelte arten utgjer.
Er grensa for kor mykje bifangst du kan ha for nokre av artane, overskriden denne veka?
- Bruk dei same tala som over, men gå ut frå at det ikkje vart landa krabbe denne veka.
Kva er den totale vekefangsten?
Kor stor prosentdel av vekefangsten utgjer dei ulike artane?
Er bifangsten av nokre av artane for stor denne veka?
- Lag reknearket slik at det skriv "Nei" eller "Ja" i cellene bak prosentdelane for uer, breiflabb og torsk avhengig av om dei tillatne bifangstane er overskridne eller ikkje.
- Skriv ein algoritme for eit dataprogram som gjer det same som reknearket. Programmet skal ta imot alle tala og skrive ut til skjermen prosentdelane av vekefangsten og angi om mengda tillaten bifangst er for stor eller ikkje.
- Lag dataprogrammet etter algoritmen over.