Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva skal Elias gjere?

I helga var Elias i eit selskap, og der opplevde han at det blei snakka om Havstrømmen ungdomsskule. Det var ikkje alle rundt bordet som visste at Elias jobbar der, og mykje av det som blei sagt om kollegaene hans, var negativt.

Mellom anna blei det sagt ting som dette:

  • «Eigentleg vurderer eg å skifte skule for barna mine.»
  • «Eva, læraren til sonen min, rettar aldri bøkene hans, og likevel seier ho at alt går bra.»
  • «Eg har høyrt at Jostein, den eine vaktmeisteren, skal ha klypt fleire av barna ute i skulegarden.»
  • «Rektor må jo vere blind.»
  1. Kva bør Elias gjere i denne situasjonen?
  2. Kva bør han gjere når han er tilbake på skulen?
    – Skal han seie det til nokon eller ikkje?
    – Kva skal han eventuelt seie?
    – Kven skal han eventuelt seie det til?
    – Skal han fortelje kven som har sagt det?
  3. Kva vil det seie å opptre profesjonelt i denne situasjonen?

Relatert innhald

Ein indre konflikt er ein tilstand der minst to motstridande ønske er til stades hos eit menneske.

CC BY-SASkrive av Guri Bente Hårberg og Gro Nedberg Grønlid.
Sist fagleg oppdatert 27.07.2018

Læringsressursar

Ungdomsskulen som arbeidsplass