Hopp til innhald

Litterære tekstar

Fantastisk litteratur

Denne fagartikkelen er først og fremst ei utgreiing, det vil seie at hovudformålet med han er å presentere relevant informasjon om emnet.
Ringen, hovedsymbolet i filmen "Ringenes herre", i handa på Frodo, filmkarakteren som skal sørge for å få tilintetgjort ringen. Nærbilde. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er fantastisk litteratur?

Ordet fantastisk kjem frå gresk og er avleidd av verbet phantazein, som tyder «å gjere synleg» og «å ha visjonar, å førestelle seg» (Oxford Dictionary of Word Origins). I daglegtalen brukar vi ordet fantastisk først og fremst om noko vi opplever som så positivt at det er mest heilt utruleg. Men når vi snakkar om fantastisk litteratur, tenkjer vi på litteratur som har innslag av noko eventyrleg eller overnaturleg, som troll, spøkjelse, tidsreiser og ukjende verder.

«Fantastisk litteratur er en samlebetegnelse for litteratur som på ulike måter bryter med oppfatninger av hva som er sannsynlig», heiter det i Litteraturvitenskapelig leksikon (Lothe, Refsum og Solberg 1997). Dette er ein vid definisjon som gir plass til mange forskjellige sjangrar og til skrivemåtar frå mange ulike tider: Undereventyr, , , science fiction og fantasy er alle eksempel på sjangrar som inneheld element som går utover naturlovene vi kjenner i dag.

Kva som eigentleg høyrer til den fantastiske litteraturen, har vore mykje diskutert. Gir det for eksempel meining å snakke om fantastisk litteratur om det ikkje finst realistisk litteratur? Og er spøkjelseshistorier fantastisk dikting dersom historiene blir fortalde i eit samfunn der alle trur på spøkjelse?

Opphavet til sjangeren

Mot slutten av 1700-talet og tidleg på 1800-talet blei det populært å skrive dikt og forteljingar der det fantastiske hadde ein sentral plass. Diktarane fann stoff i folkediktinga og mellomalderdiktinga, og det irrasjonelle, mystiske og særprega blei framheva. Denne perioden kallar vi også for romantikken. Fleire av forskarane som har skrive bøker om fantastisk litteratur, meiner at sjangeren voks fram i denne perioden. Diktarane blei medvitne om det fantastiske som noko eige, og dei begynte å nytte det som eit verkemiddel på linje med andre. Det er frå no av vi kan snakke om moderne fantastisk litteratur. Utover på 1800-talet fekk den fantastiske litteraturen dessutan realismen som sin motsetning (Omdal 2010,
s. 11).

Den moderne fantastiske litteraturen låner mange trekk frå den eldre diktinga. Derfor kallar mange i dag også eldre litteratur med fantastiske innslag for fantastisk litteratur. Men folk i mellomalderen oppfatta hekser, troll og spøkjelse som svært reelle truslar. Det overnaturlege var for dei ein del av røyndommen.

Maleri av Theodor Kittelsen som viser Askeladden i fullt sprang over ei hei, med et stort troll i hælene.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Opp gjennom tidene har folk alltid vore interesserte i kva som er verkeleg, og kva som går utover rammene for det vi kallar røyndom. I frå midten av 1200-talet for eksempel talar ein far og ein son om hendingar i andre land som dei har høyrt om og som dei synest verkar framande og underlege. Forteljingane stammar visstnok frå ei bok om India, og dei to lurar på om historiene er sanne eller ikkje. Faren prøver da å tenkje seg kor rart og fantastisk ei forteljing om skigåing ville høyrast ut for ein person frå eit land der folk ikkje går på ski:

Men det må synast dei eit større under, om det blir fortalt om dei menn som kan temje tre eller fjøler, slik at så snart som ein mann bind fjøler, sju eller ni alner lange, under føtene, då vinn han på fuglen i floget og dei snaraste mjåhundane i spranget, og reinen, som spring ein gong til så snøgt som hjorten. Endå er den mannen ikkje snarare på foten enn andre folk når han har berre skorne sine på føtene. Det er mange menneske som er så dugande på ski at dei i eitt renn stikk ni reinar eller fleire med spjutet sitt.

(...) Men der folk ikkje er vane med slikt, finst det snautt ein så snarføtt mann at det ikkje skal ta all snøggleik frå han straks det blir bundi slike trestykke på føtene hans. (Kongsspegelen 1976, s. 40–41)

På ein måte kan vi seie at faren og sonen i Kongsspegelen nettopp diskuterer om boka om India høyrer til den fantastiske litteraturen eller ikkje, enda dei aldri ville ordlagt seg slik sjølve. Dei er meir opptekne av kva som er sanning og kva som er løgn, kva for løgner som er laga for å underhalde og more folk og kva løgner som er laga for å villeie og lure.

Mange fantastiske skrivemåtar

Det fantastiske kan syne seg på mange forskjellige måtar i litteraturen. Somme gonger verkar miljøet og handlinga utrulege for lesaren, mens personane i forteljinga ter seg som om det magiske og mystiske er heilt naturleg og kvardagsleg for dei. I under-eventyret går handlinga føre seg i ei verd der alle er inneforstått med at troll, sjumilsstøvlar og høner som verp gull, eksisterer. Slike ting gjer ikkje personane i eventyret overraska. På same måten er troll, alvar, hobbitar og orkar ein naturleg del av kvardagen i Tolkiens bøker om Ringenes herre. Alle er med i den same alternative røyndommen. I bøkene om Harry Potter derimot blir Harry overraska når han blir kalla inn til magiskule og møter den skjulte verda til hekser og trollmenn. Galtvort fortonar seg som eit parallelt univers som dei fleste ikkje kjenner til, og dei to verdene eksisterer nokså uavhengig av kvarandre, jamvel om Harry og fleire av dei andre personane i bøkene har tilknyting til både magiverda og «gompeverda».

Andre gonger kjem det fantastiske på besøk i eit univers som er teikna nokså realistisk. Forteljinga om Karlsson på taket er eit godt eksempel på det, og dei fleste spøkjelseshistoriene er også av denne typen. Noko av den skremmande effekten spøkjelses-historier har, kjem jo av at spøkjelsa bryt med førestellingane våre om kva som er verkeleg og mogleg.

I somme forteljingar er det uklart om det som går føre seg, bryt med røyndommen i forteljinga eller ikkje. Ofte kan forfattaren spele på nettopp denne uklarleiken – det er meininga at lesaren skal lure litt på kva som er verkeleg eller uverkeleg når forteljinga er slutt. Ein forfattar kan bruke ulike verkemiddel for å skape denne verknaden. For eksempel kan personane i forteljinga vere usikre på om dei har drøymt eller ikkje. Eller forfattaren kan gi vink om at personen som opplever det fantastiske, ikkje er ved sine fulle fem. Eller han kan rett og slett leggje forteljinga om det fantastiske i munnen på ein eg-forteljar som vi ikkje heilt veit om vi kan lite på.

Av og til kan lesaren bli i tvil om personane verkeleg opplever det fantastiske i teksten, eller om det fantastiske blir brukt som bilete på ein indre konflikt eller kamp. I slike høve kan det vere eit tolkingsspørsmål i kva monn litteraturen er fantastisk eller ikkje. Diktsyklusen Haugtussa (1895) av Arne Garborg er eit eksempel på dette. I boka møter vi Veslemøy, som er synsk og ser overnaturlege skapningar som haugkallar og huldrer. Somme gonger har desse skapningane ein klart biletleg funksjon, vi kan tolke dei som krefter som slit og dreg i Veslemøy. Av og til kan det verke som om det overnaturlege går føre seg i Veslemøys eiga førestellingsverd. Samstundes er ikkje Veslemøys klarsyn berre fantasi. I eit syn ser ho for eksempel at onkelen døyr, og hendinga blir stadfesta kort tid etter. Det overnaturlege er dermed noko som også verkar inn på andre personar som høyrer heime i den røyndommen boka diktar om. Men somme gonger kan det vere uklart kva som finst ute i naturen, og kva som går føre seg i hovudet til Veslemøy.

Fantastisk litteratur i dag

Vi finn fantastiske innslag både i folkediktinga og i mange eldre klassikarar. Hamlet av Shakespeare , Faust av Goethe og Peer Gynt av Ibsen er alle verk der fantastiske element spelar ei viktig rolle. I Noreg finst det i dag ikkje så mange bøker med fantastiske innslag mynta på eit vakse publikum. Her har den psykologisk-realistiske romanen vore ein så dominerande sjanger at det ofte vekkjer ein del oppsikt når nokon skriv litteratur som bryt med den realistiske framstillingsmåten. I tillegg kjem at underhaldnings-industrien i stor grad brukar fantastiske innslag i film, bøker og teikneseriar. Det kan nok hende at forfattarar har kvidd seg for å skrive fantastisk litteratur av frykt for ikkje å verke seriøse nok.

På 1970-talet derimot hadde den fantastiske litteraturen ein blomstringsperiode i Noreg. Tor Åge Bringsverd og Jon Bing var da sentrale aktørar. Det blei også omsett mykje fantastisk litteratur i dette tiåret, særleg innanfor sjangrane science fiction og fantasy. I nyare tid er Kjartan Fløgstad og Hans Herbjørnsrud eksempel på forfattarar som skriv tekstar med fantastiske innslag. I 2004 kom Øyvind Rimbereid med diktsamlinga Solaris korrigert, der eg-personen lever i år 2480 og skriv på eit merkeleg framtidsspråk som liknar norsk. Mange la merke til desse originale science fiction-dikta.

I barne- og ungdomslitteraturen har litteratur med fantastiske innslag hatt mykje større gjennomslagskraft. Fleire internasjonale klassikarar innanfor barnelitteraturen, som Alice i Eventyrland, Ole Brumm, Pippi Langstrømpe og Mummitrollet kan reknast som fantastisk litteratur. Forfattarar som skriv for barn, bryt ofte med det realistiske – vi kan nesten seie at det fantastiske er det normale. Det er vanskeleg å finne ei sikker forklaring på kvifor det er slik. Kanskje knyter vi det fantastiske til leik og ei slags flukt frå kvardagen som etter vår oppfatning høver betre for barn enn for vaksne?

Det blir likevel gale å tenkje så kategorisk om ein så variert og omfattande litterær sjanger. Den fantastiske litteraturen rommar mange ulike verk og spenner frå det psykolgiske til det politiske, frå det mytiske til det absurde, frå det underhaldande til det djupt filosofiske. I essayet «Det eventyrlige» skriv forfattaren Tor Åge Bringsværd:

For meg er fabelen/bildet/lignelsen sannere enn noen detaljert dokumentarskildring. For hvis virkeligheten er en skog som vi har gått oss vill i – og det har vi nok, de fleste av oss – så hjelper det lite å sette seg på huk og detaljgranske stener og strå. Sannsynligvis har vi en bedre sjanse til å orientere oss hvis vi finner et høyt punkt. Og eventyret er nettopp et slikt tre man kan klatre opp i. For å få en oversikt. Se de store linjene i landskapet ... (Bringsværd 1991, s. 29)

Bringsværd meiner altså at den fantastiske litteraturen gir oss ei form for innsikt og forståing som utfyller og dels overgår den endeframme skildringa av røyndommen. Kanskje bør vi ha dette òg i tankane når vi vurderer fantastisk litteratur?

Litteraturliste

Sjå lista

Bringsværd, T. Å. (1991) Det eventyrlige. Oslo: Cappelen.

Kongsspegelen (1976) Omsett av Alf Hellevik. Oslo: Det Norske Samlaget.

Lothe, J., Ch. Refsum og U. Solberg (1997) Litteratur-vitenskapelig leksikon. Oslo: Kunnskapsforlaget.

Omdal, G. K. (2010): Grenseerfaringer. Fantastisk litteratur i Norge og omegn. Bergen: Fagbokforlaget/LNU.

Definition of fantastic (2010) http://www.oxforddictionaries.com/view/entry/m_en_gb0287370#m_en_gb0287370. [nedlasta
10. februar 2011]

CC BY-NC-NDSkrive av Ingrid Skjerdal.
Sist fagleg oppdatert 25.02.2019

Læringsressursar

Språket som moglegheit