Ungdomsbedrift i restaurant- og matfag
Det er tilrådd å gjere inspirasjonsøkter på vg1 før de skal i gang med å starte ungdomsbedrift. Mange lærarar vel å starte vg1 med å gå gjennom dei ulike fagretningane som de seinare kan velje mellom. Då kan denne prosessen styrast litt meir frå lærarens side og ut frå læreplanen enn viss de startar ungdomsbedrift på vg2, der de får lov til å velje fritt innanfor vald retning.
Her kan de starte opp ei ungdomsbedrift med tanke på kva de skal vidare, altså med utgangspunkt i kva retning de tenker å gå ut i lære. Alle ungdomsbedrifter bør ha fokus på berekraft gjennom heile prosessen: matsvinn, miljøgifter, lokale råvarer, utvikling av maten i framtida. Under finn de nokre forslag til kva de kan ta utgangspunkt i for dei ulike yrkesretningane, men her har de mange moglegheiter!
Servitør
Ei ungdomsbedrift for servitørar kan legge vekt på til dømes vin, kaffi, øl eller drinkar. Kanskje de vil starte ein kafé eller ein annan serveringstad? Bedrifta kan bestå av berre servitørar, eller de kan samarbeide med restaurantkokkar.
Kokk
Bedrifta dykkar kan til dømes jobbe med å utvikle nye retter, utforske sensorikk, lage nye smakskombinasjonar eller nye produkt. De kan òg legge vekt på menyplanlegging der kunden er i fokus. I bedrifta kan de samarbeide med servitørar som arrangerer pop-up-restaurantar, til dømes fine dining, familiemiddag, matkurs, afternoon tea, film-og-mat-kveld og så vidare.
Baker og konditor
I bedrifta til bakarar og konditorar kan de til dømes jobbe med utforsking av nye kombinasjonar av bakevarer og ulike mjølsortar. De kan fordjupe dykk i konfekt, pynt og dekor, eller kanskje finst det lokale produkt de vil jobbe med? Bedrifta kan òg legge vekt på tema som baking for barn eller norske tradisjonar vs. nye trendar. De kan gjerne samarbeide med medium og kommunikasjon om marknadsføring, matbilete, småfilmar, reklame i sosiale medium, nettsider eller blogg.
Matproduksjon
Innan matproduksjon er det mange moglegheiter, og mykje kjem naturlegvis an på kva de fordjupar dykk i.
Pølsemakarar, slaktarar og kjøttskjerar kan til dømes samarbeide med lokale pølsemakarar eller kjøttskjerarar om å utarbeide nye produkt for kommande generasjonar og få det ut i butikk. Kanskje kan de produsere ulike kjøttprodukt og selje utanfor skulen, til dømes på Bondens marknad?
De som jobbar med sjømat, kan til dømes ta utgangspunkt i utfordringar rundt kvifor unge i dag ikkje et nok sjømat, og laga produkt som appellerer til den unge generasjonen både på smak og pris. Her er det ekstra viktig å trekke inn berekraftsperspektivet!
Det går òg an å utvikle kurs for ulike grupper. Kanskje de kan samarbeide med ungdomsskular om å halde kurs for elevar i faget mat og helse?