Hopp til innhald

Fagstoff

Kvifor trene uthald?

Mykje av det du gjer, stiller krav til uthald. Når du syklar til skulen, går tur med hunden eller er på diskotek og dansar, vil uthaldet bestemme kor god oppleving du får når du gjennomfører aktiviteten. Godt uthald er grunnlaget for at du skal få ein positiv livsstil og føle velvære.
Mann syklar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Regelmessig uthaldstrening er helsefremjande

Dette skjer i kroppen når du driv med regelmessig uthaldstrening:

  • betre lungefunksjon
  • betre blodsirkulasjon, meir blod til musklar, organ og hjernen
  • sterkare hjarte, det betyr at du får auka
  • lågare i kvile (kvilepuls), det betyr at hjartet arbeider rolegare og er ein konsekvens av at du får auka slagvolum
  • auka tettleik av i musklane
  • betre uthald vil gjere at du kan prestere betre i både idrettsaktivitet og i kroppsøvingsfaget, fordi du orkar meir og held ut lenger.

Som ein konsekvens av faktorane over oppnår du både direkte og meir langvarige helsefremjande effektar av uthaldstreninga.

Direkte effekt

  • meir overskot i kvardagen – på skulen, i arbeid, i fritidsaktivitetar og i idrettar
  • betre humør, du blir generelt meir nøgd
  • betre minne

Langvarig effekt

  • betre konsentrasjon
  • redusert risiko for å utvikle angst og depresjon. Dempar symptom hos personar som har angst eller depresjon. Færre bekymringar.
  • redusert risiko for å utvikle livsstilssjukdommar som hjarte- og karsjukdom, diabetes type 2, fleire ulike typar kreft, overvekt og fedme samt muskel- og skjelettplager
  • betre regulering av stoffskiftet og fordøyinga
CC BY-NC-SASkrive av Kolbjørn Ekker, Oddbjørg Vatn Slapgaard, Jan Bolle og Cathrine Dunker Furuly.
Sist fagleg oppdatert 08.06.2020

Læringsressursar

Uthald