Hopp til innhald

Fagstoff

Årsplan i kroppsøving

Her finn du forslag til årsplanar i kroppsøving, både for vg1, vg2 og vg3. Vi utdjupar òg korleis vi har tenkt når vi har produsert fagstoff og laga planane.
Kalenderark. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Inndeling i emne og trinn

Inne på NDLA kroppsøving finn du vg1, vg2 og vg3. Sjølv om faget er delt inn i tre trinn, vil du få opp alle ressursane uansett kvar du klikkar deg inn. Dette har vore viktig for oss, og det er fleire grunnar til akkurat det.

Rundt omkring på skulane i landet er det store variasjonar når det gjeld rammefaktorar. Det er også stor variasjon med tanke på føresetnader og utvikling i ein klasse eller ei elevgruppe. I tillegg gir læreplanen rom for tolking, og denne tolkinga avheng av bakgrunnen, utdanninga og erfaringa læraren har. Med opne kompetansemål er det mange måtar ein kan jobbe med eit kompetansemål på.

Med alt dette som utgangspunkt og bakteppe vil undervisning, læringsmål og progresjonen i undervisninga variere frå skule til skule, frå klasse til klasse, og frå lærar til lærar. Eit undervisningsopplegg som for nokre grupper passar på vg1, kan for andre passe på vg3. Derfor er det viktig at alle ressursane vi har laga, er tilgjengelege uansett trinn. Slik kan du som lærar finne fram til det som passar dine elevar best.

Naturferdsel og planlegging av trening

Vi har likevel laga nokre ressursar som vi meiner høver til bestemde trinn. Det er fagdagsressursane i naturferdsel og oppgåvene om planlegging av trening. Sistnemnde ressursar har vi laga med ein tenkt progresjon frå vg1 til vg2 og vg3 ut ifrå korleis kompetansemåla er laga. Kompetansemåla i naturferdsel er opne, og her har vi laga ressursar ut ifrå at elevane skal ha ein progresjon frå vg1 til vg3, der målet er at dei skal ha nok kunnskap om og føle seg trygge nok i naturen til at dei kan dra på tur på eiga hand. Kor lenge turen skal vare, og kva innhaldet i turen skal vere, skal eleven tilpasse eigne føresetnader og kompetanse. Å vurdere seg sjølv og planlegge tur ut ifrå evne er ein viktig del av kompetansen i naturferdsel.

Sjå heilskapen

Alle emna i NDLA kroppsøving er relevante på alle trinn, sjølv om ikkje alle emna står eksplisitt i kompetansemåla. Til dømes er helse trekt fram i tekstane om fagrelevans og kjerneelement for kroppsøving i LK20. Det bør dessutan vere ein naturleg progresjon i undervisninga frå vg1 til vg2 og vg3. Derfor meiner vi at helse er eit relevant tema òg på vg1, sjølv om det ikkje er nemnt i kompetansemåla for vg1.

Likeins meiner vi at førstehjelp er relevant i samband med naturferdsel på vg2 og vg3, sjølv om dette heller ikkje står nemnt eksplisitt i kompetansemåla for vg2 og vg3. Når elevane skal ut på tur og etter kvart planlegge sin eigen tur, er det naturleg at dei òg må tenke på skadar som kan oppstå, og korleis dei skal behandle desse. Det er derfor viktig å hugse å sjå på heile læreplanen når du skal planlegge undervisninga.

Djupnelæring eller variasjon?

Litt av begge delar, tenker vi! Djupnelæring handlar om å lære seg omgrep og metodar i tillegg til å sjå samanhengar mellom ulike emne i faget, men òg mellom ulike fag.

I årsplanane har vi lagt opp til periodar der ein jobbar med det same temaet over ein lengre periode, nettopp for at det skal vere høve til djupnelæring. Naturferdsel, helsefremmande trening og dans er døme på dette. Dette er tre tema vi foreslår som gjennomgåande frå vg1 til vg2 og vg3. Her er det høve til å fordjupe seg i faget, men det er òg tre tema ein kan sjå i samanheng med andre fag. Det kan ein anten gjere ved å jobbe med dei tverrfaglege casane som NDLA har laga, eller ein kan jobbe tverrfagleg på andre måtar.

Sjølv om ein jobbar med djupnelæring i periodar av året, skal kroppsøving sjølvsagt vere eit fag der elevane opplever eit mangfald av aktivitetar. Det vil du òg sjå i årsplanane.

Tverrfaglege tema

Når det gjeld dei tverrfaglege temaa, vil vi oppmode til eit større perspektiv. Våg å gi litt "slepp" på faga. Ikkje ver så oppteken av kompetansemål, men sjå i staden på heilskapen og kva elevane lærer av å jobbe med eitt tema i fleire fag. Les gjerne teksten om tverrfaglege tema i den fagspesifikke delen av LK20 for kroppsøving for å få taket på innhaldet i kvart tema.

Hensikten med tverrfaglege tema er å belyse eit tema frå forskjellige perspektiv. Dei skal òg gi gode moglegheiter for djupnelæring. Vi har valt å legge inn lenke både til aktuelle tverrfaglege casar der fleire fag er representerte, og å legge inn lenke til ressursane frå dei tverrfaglege casane som er laga spesielt for kroppsøving. Ressursane er av ulikt omfang og ulik vanskegrad.

Les gjerne meir om FIKS' syn på ei tverrfagleg tilnærming til opplæringa på UiOs nettsider.

Kroppsleg læring

Når ein skal sjå samanhengen mellom ulike fagområde i kroppsøving, er kroppsleg læring eit godt utgangspunkt, for det kan fungere som eit slags bindeledd mellom ulike tema. Eit døme er fysiske og koordinative eigenskapar og forskjellige rørsleaktivitetar som turn, parkour og ballidrettar. Korleis kroppen jobbar når elevane skal øve og trene på forskjellige teknikkar og øvingar, heng like tett saman med fysiske og koordinative eigenskapar som den aktuelle aktiviteten dei øver eller trener på. Kroppsleg læring er eit tema du vil finne i fleire undervisningsopplegg.

Samarbeid, elevmedverknad og å medverke til andre si læring

Både samarbeid, elevmedverknad og det at elevane skal medverke til andre si læring, er noko som blir gjenteke fleire stader i LK20. Derfor er dette noko vi har vektlagt i fleire ressursar. Det er mange fordelar ved at elevane jobbar saman, og spesielt vil det å jobbe med ein læringspartnar gi elevane mykje tilbake om ein jobbar strukturert med det.

Kvarandrevurdering

Når elevane jobbar saman med ein læringspartnar, vil dei få mange tilbakemeldingar i løpet av ein periode og slik få meir hjelp til å utvikle kompetansen sin. Ein medviten samansetnad av elevar gir i tillegg høve til tilpassa opplæring.

Denne metoden gir deg som lærer tid til å observere elevane og samtidig moglegheit til å jobbe med korleis elevane gir tilbakemeldingar til kvarandre. Kvarandrevurdering bidreg dessutan til å gjere elevane sjølvstendige og sjølvregulerte sidan dei blir aktive i sin eigen læringsprosess. Det blir òg enklare for elevane å forstå korleis dei blir vurderte.

Felles for både kvarandrevurdering og eigenvurdering er at elevane må vite heilt konkret kva dei skal vurdere og gi kvarandre tilbakemelding på for å få læringsutbytte av denne måten å jobbe på. Etter kvart som elevane får meir erfaring med kvarandrevurdering, kan ein auke vanskegraden frå enkel observasjon til meir samansett observasjon, og samtidig kan ein stille større krav til kva tilbakemeldinga skal innehalde. Du finn døme på korleis du kan bruke kvarandrevurdering i ressursane om badminton og turn.

Eigenvurdering

I opplæringslova står det at elevane skal vere med på å vurdere seg sjølve. Akkurat som med kvarandrevurdering vil eigenvurderinga òg bidra til at elevane i større grad tek ansvar for eiga læring og utvikling. Medverknad i undervisninga og i vurdering kan gjere elevane meir indre motiverte. Det kan òg stimulere lærelysta til elevane, og det kan vere til hjelp i vurderinga ved at du får avkrefta eller stadfesta inntrykket ditt av eleven.

Eigenvurderinga kan skje på mange ulike nivå. Eleven kan vurdere seg sjølv i ei konkret øving, i eit læringsmål etter ei økt eller i fleire læringsmål etter ein lengre periode. Felles for alle desse situasjonane er at eleven må vite kva hen skal vurdere. Det må vere så konkret at det går an å seie at "dette kan eg" eller "dette kan eg ikkje, og det må eg jobbe meir med". Du vil finne døme på forskjellige måtar elevane kan vurdere seg sjølve på, i ressursar om fagdag i naturferdsel, kroppsleg læring og turn og badminton.

Les meir om vurdering og sjølvregulert læring på Utdanningsforskning.no.

Struktur og oppbygging

Planane er bygde opp med kjerneelement og tema til venstre. Deretter kjem kompetansemål og tverrfaglege tema, og til høgre i tabellen finn du aktuelle ressursar for å jobbe med temaa. LK20 legg opp til at ein skal sjå på alle delane av faget. Derfor har vi teke utgangspunkt i tema og kjerneelement med eit forslag til konkrete aktivitetar og kompetansemål.

Det går an å jobbe med fleire kompetansemål og ulike aktivitetar innanfor eitt tema, det viser vi fleire døme på. I kolonna heilt til høgre finn du aktuelle ressursar. Her er det mange lenker å velje mellom slik at du sjølv kan tilpasse aktivitet, vinkling og omfang av temaa til elevgruppa.

Filer

Kjelder

Evensen, K. (2020). Vurdering i kroppsøving. Universitetsforlaget.

FIKS – Forskning, innovasjon og kompetanseheving i skolen. (2022, 3. januar). Hva er flerfaglig og tverrfaglig undervisning? Universitetet i Oslo. https://www.uv.uio.no/forskning/satsinger/fiks/kunnskapsbase/tverrfaglighet/hva/

Utdanningsdirektoratet. (2019, 13. mars). Dybdelæring. https://www.udir.no/laring-og-trivsel/dybdelaring/

CC BY-SASkrive av Cathrine Dunker Furuly og Bjørn Erik Rolseth.
Sist fagleg oppdatert 22.04.2022

Læringsressursar

Om faget