Armheving på medisinball - Kroppsøving (vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Veiledning

Armheving på medisinball

Her ser du ulike variantar av armhevingar på medisinball.

I denne øvinga trener du brystmuskulaturen og den trehovda armstrekkaren i tillegg til magens tverrmuskel.

Video: Tor Segelcke / CC BY-NC-SA 4.0

Utføring

Start med skulderbreiddes avstand mellom hendene. Ved større avstand mellom hendene vil du jobbe meir med brystmuskulaturen, mens ved mindre avstand vil du jobbe meir med den trehovda armstrekkaren. Plasser begge beina på ein medisinball. Sørg for at kroppen har ei nøytral stilling gjennom heile øvinga, der det går ei rett linje frå hovudet til hælane. Trekk navlen inn mot ryggsøyla, og unngå svai i ryggen. Senk deg kontrollert ned mot underlaget, og press deg roleg opp att til utgangsstillinga.

Variant

Ved å føre det eine beinet ut til sida kan du gjere denne øvinga endå tyngre. Sørg framleis for at kroppen har ei nøytral stilling gjennom heile øvinga. Trekk navlen inn mot ryggsøyla, og unngå svai i ryggen. Senk deg kontrollert ned mot underlaget, og press deg roleg opp att til utgangsstillinga.

Skrive av Tor Segelcke. Rettshavar: Terranova Media
Sist fagleg oppdatert 07.05.2021