Hopp til innhald

Fagstoff

Om pickleball

Pickleball er ein racketsport med element frå tennis, badminton og bordtennis. Spelarane bruker racketar som minner om avlange bordetennisracketar, og slår ein plastball med hol. Spelet føregår på ein bane som er like stor som ein badmintonbane, med eit litt modifisert tennisnett.
Foto av fire utøvarar som speler pickleball på ein bane.

Pickleball

Pickleball vart oppfunne i USA i 1965. Det er med andre ord ikkje noko nytt, men det er først i dei seinare åra det har blitt populært i Noreg. Pickleball er fartsfylt og lett å lære. Utstyret du treng for å spele, er relativt billig. Det er kanskje nokre av forklaringane på at spelet blir stadig meir populært?

Utstyr

Ballen

Ballen minner om ein innebandyball. Han er laga av plast og er kuleforma med hol.

Racketen

Racketen ser ut som ein litt stor og avlang bordetennisracket.

Nettet

Nettet deler banen i to like store delar på tvers. Det heng i ei høgd på 92 cm på sida og 86 cm på midten.

Illustrasjon av fire ulike racketar ved sida av kvarandre. Frå minst til størst: bordetennisracket, pickleballracket, squashracket og tennisracket. Bordtennisracketen har eit rundt blad utan netting. Pickleballracketen har eit kantete blad utan netting. Squashracketen er ganske lang og slank og har eit ovalt blad med netting. Tennisracketen er størst og har eit rundare blad enn squashracketen, men det er ein del større. Bladet på tennisracketen har netting.

Banen

Banen er like stor som ein badmintonbane, men oppmerkinga av banen er forskjellig.

Ingen volley-sone / "kjøkkenet"

På kvar side ut frå nettet går det ei sone på 2,13 meter. I denne sona kan du ikkje kan slå ballen før han har vore i bakken. Sona blir kalla ingen volley-sona eller "kjøkkenet".

Serveområde

Resten av banehalvdelen er 4,57 m lang og delt i to av ei senterlinje. Dette området er serveområdet.

Illustrasjon som viser utforming og storleik av ein pickleballbane sett ovanfrå.

Reglar

Desse reglane gjeld når ein speler double, altså med to spelarar på kvart lag.

Serve

  1. Serven blir slått medan den som servar, står bakanfor grunnlinja og på si side av ei tenkt linje som går ut frå senterlinja. Minst éin fot må vere i bakken bak grunnlinja.

  2. Den som servar, må bevege armen i ein boge, nedanfrå og opp, og treffe ballen før racketen kjem over midja. Når racketen treffer ballen, må den fremre delen av racketen vere på eit lågare nivå enn handleddet til den som slår.

  3. Den som servar, må slå ballen slik at han landar i servefeltet diagonalt på den andre sida av nettet. Serven er "inne" så lenge han landar innanfor servefeltet eller treffer ei av sidelinjene til servefeltet.

Illustrasjon av pickleballbane sett ovanfrå. Ei stipla linje med pil på enden viser korleis ein spelar servar diagonalt over nettet til ein motspelar.
  1. Serven er ute dersom ballen landar i "kjøkkenet" eller treffer nokon av linjene til "kjøkkenet", eller dersom ballen landar utanfor oppmerkinga til banen.

  2. Du har berre eitt forsøk på kvar serve.

Illustrasjon som viser korleis spelar 1 byter plass med spelar 2 og slår ein serve diagonalt over mot spelar 4. Spelar 3 står inne på banen.

Dobbelsprett

Etter serven må ballen sprette på kvar av banehalvdelane før nokon kan slå ein volley. Å slå volley vil seie at du slår ballen direkte før han sprett i bakken.

Ingen volley-sona / "kjøkkenet"

Du kan berre tråkke innanfor kjøkkenet dersom ballen har treft dette området først. Det er ikkje lov å slå volley når du står innanfor kjøkkenet.

Tur

Kvart lag kan serve to gonger før det mistar turen til det andre laget. Ein startar med å serve frå høgre banehalvdel. Viss du beheld serven din, tek du den neste serven frå det andre servefeltet.

Når laget gjer ein feil, går serven over til neste spelar på laget, som då servar frå venstre banehalvdel. Gjer laget ein feil etter å ha serva for andre gong, går turen over til det andre laget.

Serven går til det andre laget

  • dersom ballen sprett i bakken to gonger på rad på banehalvdelen til det laget som serva

  • dersom du slår ballen i nettet eller utanfor banen

Poeng

Det er det laget som servar, som kan få poeng. Det laget som først får elleve poeng samtidig som det har to poeng meir enn det andre laget, vinn.

Kjelder

Pickleball. (2023, 9. mars). I Wikipedia. https://en.wikipedia.org/wiki/pickleball

Unisport. (u.å.). Om pickleball. Henta 9. mars 2023 frå https://www.unisport.com/nb/om-pickleball

USA Pickleball. (u.å.). What is Pickleball? Henta 9. mars 2023 frå https://usapickleball.org/what-is-pickleball/

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 10.03.2023

Læringsressursar

Pickleball