Hopp til innhald
Fagartikkel

Om fair play

Samarbeid og det å løyse oppgåver og utfordringar i eit læringsfellesskap er ein del av kroppsøvingsfaget. Det å lære å respektere kvarandre, anerkjenne ulikskap og inkludere alle, uavhengig av føresetnader, er også viktig.

Fair play som omgrep er fjerna frå den nye læreplanen. Opphavleg kjem omgrepet frå idretten og handlar om at vi skal respektere kvarandre, at vi skal følgje reglane, at vi skal gjere vårt beste og gjere andre gode. Fair play handlar også om korleis vi oppfører oss mot kvarandre, mest i konkurranse, men vi kan også relatere det til situasjonar utanom idrett og konkurranse. Fair play har slik sett ei stor betyding i idretten, i tillegg til at det er eigenskapar som betyr noko i samfunnet elles.

Fair play i kroppsøving

Sjølv om omgrepet er fjerna frå den nye læreplanen, er det framleis mange element frå fair play som er viktige i kroppsøving. Og sjølv om fair play fortrinnsvis er brukt i idretten, og kroppsøving skal vere eit fag med eit breitt utval av aktivitetar, ikkje berre idrettar, er det mange fellesnemnarar mellom fair play og formålet med fagfornyinga i kroppsøvingsfaget.

I læreplanen står det at kroppsøving skal fremje samarbeid, forståing og respekt for kvarandre. I kjerneelementet "Deltaking og samspel i bevegelsesaktivitetar" skal elevane anerkjenne ulikskap og inkludere alle, uavhengig av føresetnader. I kompetansemål for Vg1 skal elevane "bruke eigne ferdigheiter og kunnskapar til å samarbeide og bidra til å gjere andre gode i aktivitet og samspel", og i kompetansemål for Vg2 skal elevane "praktisere reglar for å delta i ulike bevegelsesaktivitetar og medverke til læring for andre".

I praksis betyr det at samarbeid om å løyse ulike oppgåver med ulike elevar i kjente og ukjente situasjonar, er ein viktig del av faget. På skulen skal du lære deg å respektere medelevane dine, anerkjenne at vi er ulike som menneske og inkludere alle, uavhengig av om dei har mykje eller lite erfaring med idrett og fysisk aktivitet, om dei er funksjonsfriske eller har ei funksjonshemming, og uansett kjønn og kulturell bakgrunn. Dette er døme på eigenskapar som er viktige i eit demokratisk og fleirkulturelt samfunn.

I kroppsøvingstimen er ikkje det å vinne det viktigaste. Måten du deltek i spelet på, og at du bidreg til at flest mogleg meistrar, er viktigare – til dømes at du inkluderer alle i spel, ved at du sentrar til medspelarane dine. Slik kan du bruke eigne ferdigheiter til å gjere andre gode.

CC BY-SA 4.0Skrive av Cathrine Dunker Furuly.
Sist fagleg oppdatert 16.06.2020