Hopp til innhald

Fagstoff

Forslag til basketballreglar i skulen

Spel helst på ein merkt bane. Banen kan tilpassast det området skulen har til disposisjon. Her finn du ein ein illustrasjon av basketballbanen med korrekte mål.
Basketballbane med forklaring og mål. Illustrasjon

Talet på spelarar

Kvart lag har fem spelarar på banen.

Speletid

Det blir spelt fire periodar à 10 minutt effektiv tid (klokka skal stoppast ved stopp i spelet).

Skrittregelen

Det er berre lov å ta eitt skritt når du held ballen. Ved pivotering kan du flytte pivoteringsbeinet fleire gonger i inntil fem sekund.

Dribling

Berre éin dribleserie er tillaten.

Kroppskontakt

Bevisst kroppskontakt er ikkje lov i basketball. Den som er årsak til kontakten, skal det dømmast foul mot. I tronge situasjonar, spesielt rundt korga, vil det likevel oppstå kroppskontakt som ikkje utan vidare er regelbrot. Kontakt er generelt ikkje til å unngå, derfor må dommarane bruke skjønn og vurdere ferdigheitsnivået til spelarane, fordel/ulempe i dei enkelte situasjonane og samtidig passe på at det blir god flyt i spelet.

Frikast

Frikast skal takast etter eit regelbrot, til dømes dersom nokon tek for mange skritt med ballen, dyttar ein motspelar, stoppar eller hindrar ein motspelar ved å halde armane ut til sida, eller dersom nokon bryt fem- og tresekundsregelen. Alle frikast (med unntak av straffekast) skal takast frå sidelinja.

Femsekundsregelen

Det er ikkje lov å halde ballen i meir enn fem sekund. Da må du anten sende ballen frå deg eller starte ei dribling.

Tresekundsregelen

Ein angripar, med eller utan ball, kan ikkje opphalde seg i tresekundsfeltet i meir enn tre sekund. Når det er gjort skotforsøk, får angriparen tre nye sekund.

Straffekast

Blir ein spelar teken idet han eller ho skyt, skal det dømmast straffekast. Det er vanleg med to straffekast.

Skåring

  • 1 poeng for kvart straffekast
  • 2 poeng for ordinær skåring
  • 3 poeng for skot utanfor trepoengslinja


Spelet skal setjast i gang frå kortlinja etter skåring.

Les meir om offisielle spelereglar hos Norges Basketballforbund.

CC BY-NC-SASkrive av Norges Basketballforbund.
Sist fagleg oppdatert 11.04.2024

Læringsressursar

Basketball