Hopp til innhald

Fagstoff

Journalistikk og retorikk

Journalistikk er ikkje berre nøytral formidling. Det er òg eit forsøk på å overtyde lesarar, lyttarar og sjåarar om at den historia journalisten fortel, er viktig, og det er ein relevant måte å forstå det som har hendt på.
Fredrik Solvang, ein ung mann i dress og med bøyelmikrofon, snakkar til Siv Jensen, som står med ryggen til. Ho har òg bøyelmikrofon og eit grått skjal på seg. I bakgrunnen står tre menn i dress og med bøyelmikrofonar. Det er Bjørnar Moxnes, Audun Lysbakken og Trygve Slagsvold Vedum. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Når journalisten ønskjer å overtyde mottakaren, bruker han eller ho retoriske verkemiddel medvite eller umedvite. Journalistisk retorikk handlar om måten historiene blir fortalde på, og kva kontekst historia blir sett inn i. Grunnelementa i journalistisk retorikk er bruk av etos, logos og patos. Dei retoriske verkemidla vil variere med sjanger, medium og kanal.

Ord er ikkje nøytrale

Journalisten har eit stort ordforråd å velje i når han eller ho skal formidle ei historie. Ord er ikkje nøytrale. Dei orda journalisten vel, vil derfor prege oppfatninga mottakaren får av saka. Under ser du nokre avisartiklar med døme på ord og uttrykk som ikkje er nøytrale.

Når ein journalist bruker uttrykket "uskuldig offer", slik som i VG-saka "Skutt ved en feil", inneber det at nokre offer for kriminelle handlingar, ikkje er uskuldige. Det er òg stor forskjell på det å omtale ein opprørar som terrorist eller som "terrorist", som i dømet frå Aftenposten. I slike tilfelle er eit par enkle hermeteikn med på å styre sympatien vår i ei bestemd retning.

Teksten "Dugnad mot døden" er eit døme på bruken av ordet "dugnad" i samband med covid-19-pandemien. Då vart media skulda for å ukritisk bruke ordet "dugnad" til å beskrive inngripande tiltak som fekk store konsekvensar for delar av befolkninga. Dette var medviten politisk retorikk, men mange meinte at denne retorikken vart forsterka av at òg media refererte til folks forsakingar som ei form for dugnad.

Retoriske verkemiddel i sportsjournalistikk

Radio og podkast blir ofte beskrivne som nære og intime media. Eit mål for radiojournalistikk er derfor å leggje til rette for at lyttarane kan leve seg inn i det som blir fortalt.

Stemmebruk

Stemmebruk er døme på eit retorisk verkemiddel i radio og TV. Eit døme på patos er når sportsreporteren går opp i fistel. Då får vi ei kjensle av at her står Noregs ære på spel.

Bjørge Lillelien var ein legendarisk radioreporter. Her er eit lydklipp frå landskampen i fotball mellom Noreg og England i 1981. På den tida var England ei fotballhistorisk stormakt, og Noreg var langt nede på fotballstatistikken. Her løftar reporteren heile nasjonen opp av grøfta!

Fotballreporter Bjørge Lillelien 1981

0:00
-0:00

Kjelda på direkten

I sportsreportasjar på TV, som denne frå VM på ski i 2011, følgjer vi kampen i skisporet kvinne mot kvinne. Jubelbruset frå publikum gjer kjensla av spaning og begeistring sterkare. Vi blir enda meir rivne med når journalisten lar utøvaren uttrykke sigersgleda si på direkten, slik Marit Bjørgen gjer i dette klippet.

Visuell retorikk i avisjournalistikk

Eit døme på visuell retorikk i journalistikken er eit pressefoto der fotografen styrer oppfatninga vår av ein person, til dømes ein politikar, gjennom val av motiv, fargar, utsnitt og biletvinkel.

Dei store avisene held seg òg med faste avisteiknarar som kommenterer personar eller aktuelle hendingar på ein måte som er med på å forme oppfatninga vår av aktuelle hendingar.

Journalistikk og politisk retorikk

Fram til cirka 1970 var norske aviser talerøyr for politiske parti, og partipolitisk retorikk prega særleg leiarkommentaren i dei store avisene. Dei siste 50 åra har idealet i norske medium vore politisk sjølvstende. Målet har vore å styrkje truverdet til journalistikken, eller styrkje journalistikken sin etos.

I andre land kan det synest som om dette idealet er på vikande front. I dei siste åra har vi til dømes sett ei stadig sterkare politisering av amerikanske medium.

Det betyr ikkje at norske journalistar tek ei passiv rolle i politiske valkampar. Ifølgje professor i retorikk Jens Kjeldsen isceneset, rammar inn og fortolkar dei redaksjonelle media retorikken til politikarane.

Valgkamp er et kontinuerlig spill mellom det politikerne gjør og sier og måten media fortolker det. (Kjeldsen 2013)

Dette klippet frå programserien Detektor er henta frå NRK Skole. Ein teksta versjon finst på NRK TV: 3. Val 2017: Detektor (nrk.no).

Journalistikk og retorisk medborgarskap

Retorisk medborgarskap handlar om at borgarane i eit samfunn påverkar politiske vedtak gjennom å engasjere seg i debattar om viktige samfunnsspørsmål. Når politikarar blir inviterte til debatt på TV, kan journalisten, ut frå samfunnsoppdraget sitt, velje å opptre som "folkets røyst" i debatten. Då etterspør han eller ho argument som underbyggjer politiske påstandar og etterprøver fakta som er sette fram. I slike tilfelle nyttar journalisten seg av det som vi i retorikken kallar logos.

Det er ulikt syn på kor sterkt journalisten bør gripe inn i politiske debattar, til dømes ved å stille kritiske spørsmål til politikarar på vegner av "folket" eller motparten eller kommentere dei svara ein politikar gir.

Ei undersøking frå 2010 viste at journalistane i TV-debattar ikkje berre stilte kritiske spørsmål til politikarane, men at dei òg i etterkant summerte opp for sjåarane kva politikarane "eigentleg meinte". Ei slik form for journalistikk blir av nokre kalla for journalisme.

Politisk debatt som regissert maktkamp

Politikk kan òg oppfattast som ein maktkamp. Då blir debattar i radio og TV berre eit spel som går ut på å vinne over motstandaren. Journalisten kan leggje til rette for ein spennande og underhaldande duell ved å spissformulere problemstillingar, hente inn debattantar med ytterleggåande meiningar og hindre forsøk på å kome med utdjupande og modererande meiningar.

I etterkant av debatten er media raske til å kåre "vinnaren", ofte i form av terningkast. Slik formar journalisten om den politiske samtalen til ei velkjend medieforteljing med heltar og skurkar, taparar og vinnarar – ein forteljestruktur som appellerer til dei som primært ønskjer underhaldning, ikkje politisk informasjon.

Les gjerne Doremus Schafers debattinnlegg frå 2017:

Dagbladet: Når politikken drukner i terningkast

Kjelder

Kjeldsen, J. (2013). Journalisten på den hvite hesten – Om retorikk og regi i valgkamp på TV. Norsk medietidsskrift, 2013, 20(4), 347–355. https://doi.org/10.18261/ISSN0805-9535-2013-04-05

Nyre, L. (u.å.). 3. Retorikk i radio – Å overtyde med stemningar. Henta 6. september 2021 frå http://larsnyre.no/radioradio/retorikk-i-radio-a-overbevise-med-stemningar/ (Kapittel i Eide, L. & Nyre, L. (2004). Radioradio. Lyd i journalistikk. Samlaget.)

Vatnøy, E. (2010). Velg! 09. Journalistikk og retorikk i norsk valgkamp. Civita.

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 25.02.2021

Læringsressursar

Retoriske strategiar og argumentasjon