Hopp til innhald
Oppgåve

Kva veit du om målgrupper?

Samarbeid med ein medelev og skriv ned kva de tenkjer om spørsmåla.
  1. Kva meiner vi med «målgruppetenking i mediebransjen»?
  2. Korleis ville de skildre målgruppa de høyrer til i? Tilhøyrer de alltid same målgruppe? Kva medieuttrykk meiner de det er heilt opplagt at har dykk som målgruppe? Kva for nokre har ikkje det i det heile?
  3. Kvifor er det viktig å ha klart for seg målgruppa for å nå gjennom med ein bodskap?
  4. Kva synest de er det vanskelegaste med det å jobbe med målgrupper?