Bli ein målretta navigatør
Sjølv om navigasjon er tett knytt opp mot lesekompetanse, er det likevel ein eigen kompetanse det går an å øve og bli god på. Du kan altså øve deg på å bli ein god navigatør på nett, slik du kan øve deg på å bli ein god lesar.
Du kan tileigne deg gode vanar og ulike teknikkar når du skal navigere på nett. Det gjer det lettare for deg, spesielt å løyse vanskelege navigasjonsoppgåver.
Det er tre ting det er viktig å ha strategiar for.
Det er viktig å kunne finne fram til dei sidene der du finn informasjonen du treng. Løysinga er å bruke gode søkjeord, eit nyansert språk, altså synonym og variantar av ord som har å gjere med det du er ute etter.
Det andre det er viktig å ha strategiar på, er å kontrollere lesinga. Det er ei ekstra stor påkjenning for arbeidsminnet å lese på nett. Hjernen jobbar på høggir, det er lett å gå seg vill og ikkje alltid så lett å få med seg det som skjer når du navigerer frå stad til stad. Då er det bra å ha strategiar som hjelper deg med å kontrollere framdrifta i navigasjonen.
Når du gått deg vill, for det gjer vi alle saman, treng du å ha strategiar som ta deg "heim" igjen.
- Kor starta eg?
- Kva for søkjeord var det som fungerte?
- Korleis kjem eg meg tilbake?
666 elevar fekk i oppgåve å navigere og lese på nett. Dei jobba med oppgåver i 40 minutt, og forskar Tove S. Frønes undersøkte korleis elevane klikka for å løyse oppgåvene.
Ho fann ut at elevane kunne delast inn i målretta navigatørar, ivrige navigatørar og passive navigatørar. Dei målretta navigatørane var best til å løyse oppgåver.
Ho fann òg ut at navigasjonskompetanse ikkje er det same som lesekompetanse. Det er bra, for det betyr at det går an å øve seg og bli god spesielt på navigasjon.
Les meir om undersøkinga her: UiO: – Vi skylder elevene å lære dem å lese på nettet