Hopp til innhald

Fagstoff

Sitat og referansar

Den mest vanlege måten å bruke kjelder på i skulearbeid, er å sitere frå skriftlege, faglege kjelder i eigne skriftlege fagoppgåver. Dette blir kalla referansar. Då bruker vi sitatretten som ligg i åndsverklova §29.
Copyright-symbolet festa til eit kjede med hengelås. Ved sida av hengelåsen er det plassert ein nøkkel.

Gjennom arbeid med fagtekstar øver du deg på å bruke og referere til skriftlege kjelder. Du vel ut sitat og bestemmer deg for om du skal skrive dei direkte eller indirekte. Vala dine vil avhenge av kva du vil og skal med sitata.

Direkte sitat

Direkte sitat eignar seg godt til å definere sentrale omgrep, og til å gje att skjønnlitterær tekst eller dikt, som elles ville ha mista særpreget sitt. Utsegner og argument som skal drøftast, kan også med fordel stå som direkte sitat.

Du klipper og limer delar av eit avsnitt, legg det inn i hermeteikn og skriv kvar sitatet er henta frå i parentes bak eller i ein fotnote.

I eit prosjektarbeid er det ein fordel å avklåre forventningane til kvarandre: "Å uttale forventninger til seg selv, prosjektet og hverandre bidrar til å tydeliggjøre og forsterke ambisjoner og målsettinger" (Aakre og Scharning, 2013, s. 54).

I eit direkte sitat må alt som blir sett i hermeteikn vere prikk likt det som står i kjelda. Du skal altså gje att sitat på den målforma eller det språket det er skrive på. Bruker du eit sitat på engelsk, må du også forklare på norsk korleis du forstår sitatet.

Siterer du meir enn tre setningar, tek du vekk hermeteikna og legg inn eit innrykk på sitatet i staden for.

Indirekte sitat eller parafrasering

Indirekte sitat passar godt når du skal formulere og forstå argument i ei drøfting. Samandrag av lengre sentrale avsnitt med viktige poeng passar det også godt å parafrasere. Med indirekte sitat får du tilarbeidd ei kjelde slik at teksten passar til språket ditt og til dei andre kjeldene du har tilarbeidd.

Du plukkar ut poenget og gjev det att med eigne ord:

I eit prosjektarbeid er det ein fordel å avklåre forventningane til kvarandre. I Prosjekthandboka 2.0 skriv Aakre og Scharning (2013, s. 54) at dersom alle uttalar eller skriv ned forventningane dei har til seg sjølve, til dei andre og til prosjektet, vil det bidra til tydelegare mål og ein enklare prosess.

Å jobbe aktivt med parafrasering gir som regel betre læring. Hugs å skilje mellom di tilarbeiding av kjelda og det du vidare ønskjer å bruke sitatet til. Parafrasering har ein viss grad av fortolking i seg.

Kjeldeliste

På studieførebuande og studiespesialiserande utdanningsløp er det venta at du kan vise til ei kjeldeliste, anten du leverer frå deg ei skriftlig oppgåve, held ein munnleg presentasjon eller lagar ein medieproduksjon.

  • I ei litteraturliste eller kjeldeliste må du setje opp kjeldene i alfabetisk rekkjefølgje.
  • Kvar kjelde skal bli presentert, der det er mogleg, med forfattar, tittel og årstal og stad for publisering og / eller tidspunkt for nedlasting.

Standardar for kjeldereferanse

APA7th, MLA, Harvard, Chicago og Vancouver er nokre standardar for korleis ein skal gje opp kjelder i ein løpande tekst eller i ei kjeldeliste. Kva for standard som gjeld, er ofte avhengig av fag. I vidaregåande opplæring kan det vere smart å bruke APA eller MLA, fordi dei er relativt enkle system.

Om kjeldetilvisningar i APA-stil på NDLA

Referansestilar hos Kildekompasset

§29 Sitatretten gir rettar med pliktar

Figur holder copyright tegnet som paraply i regnet. Illustrasjon

Det at du siterer kjelder, har samanheng med åndsverklova. Du hugsar at lova avklårar og regulerer rettane forfattarar, kunstnarar og forskarar har til det dei har skapt. Den sikrar altså at opphavar beheld visse rettar til verka sine. Du kan ikkje utan vidare bruke og publisere andre sitt arbeid som om det skulle vere ditt. Då plagierer du, bryt lova og kan i verste fall bli dømd.

Sitatretten gir deg likevel rett til fritt å sitere frå andre sitt arbeid. Sitatretten gjer det mogleg å sitere frå eit verk utan å betale eller høyre med forfattaren eller kunstnaren om det er i orden å bruke delar av verket.

Sitatretten gir oss lov til å sitere frå andre sine verk "i samsvar med god skikk og i den utstrekning formålet betinger", som det står i §29 i åndsverklova.

Dette betyr at berre delar av verket kan bli brukt, og då med god grunn. Dessutan må du gje opp namn på opphavar og tittel på verket.

Til fordjuping: Om opphavrett hos Redaktørforeningen

Fagomgrep:

  • Sitatretten: §29 i åndsverklova som gir deg rett til å sitere frå kjelder, men også plikt til å gje opp namn på opphavar og tittel på verket.
  • Parafrasere eller indirekte sitat: Gje att eit poeng eller eit sentralt avsnitt med eigne ord. Parafrasen skal vere tru mot innhaldet i originalteksten.
  • Direkte sitat: Gje att ordrett.
  • Referanse eller kjeldetilvising: Blir sett opp etter ein fastsett standard i ein løpande fagtekst og samanfatta i ei litteraturliste på slutten.
CC BY-SASkrive av Albertine Aaberge og Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 24.09.2018

Læringsressursar

Referansar og lisensar