I kjeldeoppgåvene undersøkjer du følgjande:
- ein offentleg rapport frå politiet med statistisk informasjon om hatkriminalitet
- kva samiskspråklege tilbod som finst i sosiale medium, med utgangspunkt i ein nettartikkel frå NRK
- nyheiter i den fleirkulturelle avisa Utrop
- ei stortingsmelding frå regjeringa
Til slutt dokumenterer og samanfattar du funna dine.
Oppgåve 1. Statistisk informasjon om hatkriminalitet
Kjelde: Oslo politidistrikt (2023): Hatkriminalitet – anmeldt hatkriminalitet 2021
I denne oppgåva skal du hente ut statistisk informasjon frå ein politirapport om hatkriminalitet. Les innhaldslista nøye. Då slepp du å lese heile rapporten for å finne svara.
- Kva er det viktigaste grunnlaget for hatkriminalitet i Noreg?
- Kva statsborgarskap har dei som oftast blir utsette for hatkriminalitet?
- Kva statsborgarskap har dei som oftast utset andre for hatkriminalitet?
- Samanlikn svara på dei tre spørsmåla. Er det noko som overraskar deg?
- Diskuter med ein medelev korleis politiet sine data frå 2019 kan tolkast.
Oppgåve 2. Samiskspråklege tilbod i sosiale medium
Kjelde: NRK Sápmi (2019): 10 gode råd: Slik holder du liv i det samiske språket i byen
Les artikkelen på nrk.no. Eit av råda for å halde liv i det samiske språket dersom du bur i byen, er å bruke samisk i sosiale medium.
Søk etter meir informasjon om dette rådet:
- Undersøk kva for nokre samiskspråklege tilbod som finst i sosiale medium, og lag ei liste over tilbod som du meiner passar for folk på din alder.
- Kva fordelar og ulemper kan det ha å berre bruke samisk språk i sosiale medium?
Oppgåve 3. Nyheitsprofilen til Utrop – Noregs første fleirkulturelle avis
Kjelde: nettavisa Utrop
Studer nettavisa Utrop. Lag ei oversikt over dei saksområda avisa tek opp. Bruk ein tabell til å registrere sakene.
Døme på tabell:
Nasjonale | Internasjonale | Urfolk | Innvandrarar | Medium | osv. |
---|---|---|---|---|---|
(døme) | (døme) | (døme) | (døme) | (døme) | (døme) |
(døme) | (døme) | (døme) | (døme) | (døme) | (døme) |
- Kva typar saker får mest spalteplass?
- Kva fortel det om målgruppa avisa vender seg til?
- Er det nokon sakstypar du saknar i denne nettavisa?
- Er det nokon saker som Utrop dekkjer, og som du saknar i dei media du vanlegvis les?
Oppgåve 4. Regjeringa sin politikk på området medium og nasjonale minoritetar
Kjelde: Regjeringa (2020): Meld. St. 12 (2020–2021) Nasjonale minoriteter i Noreg – en helhetlig politikk
Ei stortingsmelding er eit dokument regjeringa utformar for å orientere Stortinget om ei sak regjeringa jobbar politisk med.
Det er ofte komplisert å lese ei stortingsmelding. I denne oppgåva skal de derfor jobbe to og to med å finne relevant informasjon som handlar om regjeringa sin politikk på området medium og nasjonale minoritetar.
- Kva tiltak viser stortingsmeldinga til når det gjeld nasjonale minoritetar og representasjon i media?
- Diskuter i klassen om dei beskrivne tiltaka er gode og dekkjande, eller dårlege og mangelfulle.
Tips
- Bruk innhaldslista på høgre side aktivt til å orientere deg i stortingsmeldinga.
- Søk i dokumentet med søkjeordet "media".
Oppgåve 5
Dokumenter informasjonen du har funne og vurdert i kjeldene over.