Lever du i ei filterboble?
Fleire har testa ut teorien til Eli Pariser om at vi alle lever i ei filterboble. Ikkje alle har fått stadfesta at det eksisterer ei filterboble.
Test teorien om filterbobler
Søk
Klassen deler seg i grupper på tre eller fire elevar. Kvar gruppe skriv inn desse søkjeorda på Google:
- Greta Thunberg
- musikk
- pizza
- haustmote (eventuelt vårmote)
- høgrepolitikk
- NDLA
Samanlikn søkeresultat
- Kor mange treff fekk de for kvart søkjeord?
- Samanlikn dei 20 første søkjetreffa. Har nokon fått ulikt resultat?
- Forklar eventuelt kva grunnen kan vere til at søkjeresultata er ulike.
Diskuter i klassen
Dersom det eksisterer ei «filterboble», kva for nokre følgjer kan det få for dykk som brukarar og for samfunnet vi lever i?
Relatert innhald
CC BY-SASkrive av Jan-Arve Overland.
Sist fagleg oppdatert 14.02.2018