Du er no inne i ein læringssti: Målgrupperetta reklame for sjokolade
Skrive av Eva Sophie Wolff-Hansen og Albertine Aaberge.
Sist oppdatert 27.10.2021
Skrive av Eva Sophie Wolff-Hansen og Albertine Aaberge.
Sist oppdatert 27.10.2021
Fagartikkel
Burger King og målgrupper
Korleis kan Burger King lage marknadskommunikasjon for å nå unge målgrupper? Trur du Burger King kan lykkast med å utfordre pølsesalet på 17. mai òg?
Tenk over
Korleis trur du Burger King jobbar med segmentering og målgruppeval?
Burger Kings ønske om å nå ut til unge målgrupper
Ungdom bruker mykje tid på mobiltelefonen, og sosiale medium er ei viktig plattform. Men korleis kan Burger King unngå berre å bli sveipt forbi? Dette ønskte Burger King å finne ut av, og dei ønskte å lage meir relevant innhald for unge målgrupper og marknadskommunikasjon på premissane til dei unge.
I filmsnutten nedanfor (1 min) kan du sjå korleis det blei laga korte introduksjonar som var tilpassa dei programma som målgruppa ofte ser på, som til dømes VGTV, og som gav verdi til målgruppa. Målet var at Burger King skulle vere ein del av sjåaropplevinga. Bodskapen blei òg tilpassa i andre kanalar, og det blei utvikla dynamiske banner som automatisk blei tilpassa det miljøet dei skulle stå i. Eit tekstsamandrag av filmen er tilgjengeleg under.
Tekstsamandrag av filmen
Burger King ønskjer å ta ein større del av marknaden og å bli den best likte burgarkjeda i landet. For å ta større marknadsdelar er Burger King nøydde til å bli meir relevante for målgruppa si og lage kommunikasjon på premissane deira.
Burger King byrja å tilpasse reklamen til dei programma som målgruppa elskar å sjå på. Innhaldet snakka til dei fotballinteresserte, dei motemedvitne og tilhengarar av "Panelet" på VGTV.
I staden for å vere ein tidstjuv og eit irritasjonsmoment blei Burger King ein del av sjåaropplevinga. Bodskapen blei òg tilpassa i andre kanalar. Basert på kommunikasjonsbyrået Starcoms eigenutvikla teknologi blei det etablert ein ny måte å snakke på for å vere meir relevant. Det blei laga underhaldande tekstar tilpassa interessene til folk, tid på døgnet og stad. Teknologien gav òg moglegheita til å kommunisere hendingar live.
Denne måten å snakke med målgruppa på har gitt resultat. I staden for at dei hoppa over reklamen, valde mange å sjå filmane heilt ferdig, og langt fleire valde å klikke på dei tilpassa bannera. Salet auka markant.
Burger King utfordrar pølsesalet på 17. mai
Burger King er utfordraren i hamburgarmarknaden. Dei har ein strategi som handlar om å sikre kommunikasjon som skil seg ut og engasjerer. I 2019 ønskte dei å gjere Burger King til ein snakkis i samband med 17. mai.
På 17. mai blir det seld store mengder pølser. Men korleis kunne ein utfordre pølsesalet på 17. mai? Korleis kunne Burger King fremje Whopper-en på ein naturleg måte under ei norsk høgtid? Burger King engasjerte eit mediebyrå ved namn Starcom til å hjelpe dei i dette arbeidet.
For mange nordmenn er bunaden sjølve symbolet på 17. mai og nasjonalkjensla. Starcom og Burger King ønskte å ta del i dette, og dei designa ei eiga bunadsveske med plass til ein Whopper.
Dei inngjekk samarbeid med mote- og livsstilsmagasin og influensarar for å sikre at "alle" skulle få med seg kva som var årets heitaste 17. mai-tilbehøyr. Eit eige gjer-det-sjølv-sett blei laga og distribuert ut i restaurantane og til nokre ambassadørar.
Strikking og handverk er for alvor tilbake i vinden, og oppskrifter for å lage etterlikningar av dyre moteplagg florerer på internett. Starcom og Burger King ønskte å bygge opp under trenden ved å oppfordre nordmenn til å "whopper-hacke" si eiga bunadsveske. Her er reklamefilmen. (Eit tekstsamandrag av filmen er tilgjengeleg under.)
Tekstsamandrag av filmen
Ei bunadsveske er omgitt av røyk, og teksten "Whopper-veske" dukkar opp. Det er broderidetaljar av ein hamburgar på veska og teksten "Håndbrodert motiv". Vi ser eit nærbilete av ei hempe bak på veska saman med teksten "Festes enkelt til bunaden". Veska blir opna, og teksten "Åpnes enkelt" dukkar opp. Ei bærelenke blir festa til veska saman med teksten "Avtagbar hank". Veska heng fritt, og høgde- og breiddemål dukkar opp, som seier at veska er 23 cm høg og 21 cm brei. Det er eit sølvblankt fôr inni veska saman med teksten "Varmeisolert". Ein hamburgar innpakka i papir blir løfta ut av veska, og teksten "Perfekt for en stor whopper" kjem fram. Ein person forsøker å plassere ei pølse med brød i veska, men det er ikkje plass. Så blir ei pappeske med påskrifta "Whopper hack" opna. Det sig røyk ut, og inni boksen er det ei bunadsveske.
Dei hyra òg inn to eldre syersker, som laga ein video på YouTube (3 min) om korleis du sjølv kunne "hacke" di eiga bunadsveske.