Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Planlegg ein haldningskampanje

Skrive av Jone Nikolai Nyborg, Ragna Marie Tørdal og Albertine Aaberge.
Sist oppdatert 23.06.2020
Oppgåve

Kommunikasjon og haldningsendringar

I filmen fortel Signe Gunn Myre i Statens vegvesen om arbeidet med ein haldningskampanje mot høg fart.
Video: Kristin Eriksen Vold, Jone Nikolai Nyborg / CC BY-SA 4.0

Sjå filmen, gjerne fleire gonger om det trengst. Reflekter så over spørsmåla nedanfor, aleine eller saman med andre.

  1. Kva er det første spørsmålet Signe Gunn Myre stiller seg når ho blir beden om å planleggje ein haldningskampanje?
  2. Korleis kom teamet hennar fram til målgruppa for denne haldningskampanjen?
  3. Kva verkemiddel bruker kampanjen for å endre haldningar?
CC BY-SA 4.0Skrive av Albertine Aaberge, Jone Nikolai Nyborg og Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 17.04.2017