Oppgåve
Vurder nettsida til skulen
Etter kvart har mykje av omgivnadene våre vorte universelt utforma, men framleis er det utfordringar å finne.
Gjer ei vurdering av nettsida til skulen:
- Prøv å navigere på nettsida utan mus – altså ved hjelp av tabulatortasten. Korleis fungerer det?
- Kva skjer når du forstørrar nettsida? Fører det til skrolling, blir teksten kornete?
- Slå på skjermopplesing og høyr om det gir meining. Innebygde skjermlesarar for Apple-produkt heiter Voiceover, i Windows heiter skjermlesaren Narrator.
- Mål kontrasten på teksten – bruk til dømes verktøyet CCA.