Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Presenter ei sak

I denne oppgåva skal de søkje på nettet etter saker der regelverket for marknadsføring er brote. Jobb gjerne i grupper på to til fire personar.
Ei vektskål, to tjukke bøker og ein hammar er oppstilte saman for å illustrere lov. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve

Utforsk ulike saker med brot av lovverk i marknadsføring. Vel ut éi sak, og presenter denne saka for resten av klassa. Vis til relevant lovverk, og vis til ein eller fleire paragrafar i lovverket som er relatert til lovbrotet.

Diskuter synet dykkar på saka felles i klassa.

Tips til nettsider der de kan finne aktuelle saker

Forbrukartilsynet

Ulike nettaviser

TV2 hjelper deg

Relatert innhald

Marknadsføringslova regulerer korleis bedrifter kan marknadsføre produkta sine, og kven dei kan marknadsføre dei til.

Varemerke er kjenneteikn for varene eller tenestene til ei verksemd. Varemerka kan ha stor kommersiell verdi og vere eit sterkt konkurransefortrinn.

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 08.06.2021

Læringsressursar

Lovverk i marknadsføring