Eigenvurdering
Eigenvurdering for emnet opphavsrett
Kva kan du om åndsverklova, opphavsrett og Creative Commons-lisensar? Finn ut om du har fått med deg det viktigaste i emnet om opphavsrett.
Her kan du sjekke kva du har fått med deg etter å ha arbeidd med dette emnet:
Eg kan definere opphavsrett.
Eg forstår kva som blir meint med opphavar.
Eg forstår kva som blir meint med åndsverk.
Eg kjenner til åndsverklova.
Eg kan vurdere om eige arbeid er eit åndsverk.
Eg kjenner til Creative Commons og dei ulike lisensane for å dele innhald.
Eg forstår kvifor det er naudsynt å merkje det eg produserer, med rett lisens.
Eg veit meir om musikk og opphavsrettar.
Eg kan definere omgrepa sitatrett og vernetid.
opphavsrett | opphavar | Creative Commons |
åndsverklova | åndsverk | vernetid |
sitatrett |