Presseetikk: Sofie mot VG
"Jeg føler meg presset, uthengt og dårlig behandlet av VG."
Sofie (27) klagar inn VG til PFU.
Set deg djupare inn i saka
Sofie dansa med politikaren Trond Giske, og det fekk store konsekvensar. Ho fortel historia si om VG si dekning av saka i ein artikkel på tv2.no.
Bakgrunn: omstridd dansevideo
- VG publiserte ei sak om ein video der Ap-politikar Trond Giske og Sofie, ei kvinne i 20-åra, dansa på Bar Vulkan i Oslo.
- Samtidig var Giske i ferd med å gjere politisk comeback i valet av styremedlemmer til Trøndelag Ap, litt over eit år etter at han måtte trekke seg som nestleiar i Ap etter å ha brote reglane i partiet om seksuell trakassering.
- I VG vart Sofie sitert slik: "Vi danset og hadde det hyggelig, så ble det litt mye, så jeg og venninnen min dro derfra."
- Seinare stod ho fram på TV 2 og retta sterk kritikk mot VG, som ho meinte hadde pressa og feilsitert henne.
- Etter kvart publiserte VG ei evaluering og beklaga overfor kvinna, Giske og lesarane.
- VG-journalisten som dekte saka, Lars Joakim Skarvøy, vart permittert i seks månader.
Pressens faglige utvalg felte VG si dekning og handtering av Sofie-saka på fem punkt i Ver Varsam-plakaten.
Kjelde: Johannessen & Tobiassen, 2019
Svar på desse spørsmåla
- Kva handlar denne saka om?
- Kvifor klagar Sofie inn VG til Pressens faglige utvalg?
- Kva meiner du om VG si handtering av denne saka?
- Pressens faglige utvalg felte VG si dekning og handtering av Sofie-saka på fem punkt i Ver Varsam-plakaten, punkt 3.2, 3.3, 3.7, 3.9 og 4.13. Kva handlar desse punkta om? Du finner Ver Varsam-plakaten hos Pressens faglige utvalg.
- Ein PFU-dom inneber at media må publisere ei fellande fråsegn på godt synleg plass. Etter at PFU felte VG, vart denne fråsegna publisert av VG. Er dette ei passande straff?
OBS: For å lese saka må du logge inn med Schibsted-konto. Dette er gratis, men det inneber at du leverer frå deg personopplysningar. - Saka fekk konsekvensar for folk sin tillit til VG. Kvifor er det alvorleg?
"[D]enne saken belyser helt sentrale områder av presseetikken; forholdet mellom medier og kilder, behovet for å tydeliggjøre premissene i kontakt med kilder og hvilke metoder som kan brukes."
Fråsegn frå Pressens faglige utvalg
Kjelder
Bjøntegård, S., Ekeberg, L., Lund-Andersen, E., Hernæs, N.,
Fjeldheim, N., Hoff, K. & Kvalnes, Ø. (2019, 28. august). VG felt i PFU. VG. Henta 27. april 2020 frå https://www.vg.no/nyheter/i/9vmlxe/vg-felt-i-pfu
Fossheim, K., Sørsdahl, E. og Fremstad, M. (u.å.). Sofie (27) danset med Trond Giske. Nå forteller hun sin historie. Henta 27. april 2020 frå https://www.tv2.no/spesialer/longread/sofie-27-danset-med-trond-giske-dette-er-hennes-historie
Johannessen, S. Ø. & Tobiassen, M. (2019, 7. juni). Sofies advokat utelukker ikke rettslige skritt mot VG. Dagens Næringsliv. Henta 27. april 2020 frå https://www.dn.no/medier/sofies-advokat-utelukker-ikke-rettslige-skritt-mot-vg/2-1-617505
Norsk Presseforbund (2020). Vær Varsom-plakaten. Henta 27. april 2020 frå https://presse.no/pfu/etiske-regler/vaer-varsom-plakaten/