Hopp til innhald

Fagstoff

Tenåringar brukar treningsdop

– Det er mange som dopar seg. Gutane på skulen som trenar styrke, snakkar ofte om kva dei brukar, seier ein 17 år gammal gut som går på vidaregåande skule i Oslo.
Treningssenter
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dopar seg

– Mange som har store musklar, har brukt noko. Eg trur dei brukar både ein lett versjon av anabole steroid og kreatin, seier 17-åringen, som vil vere anonym.

Løfter vekter på treningsenter

Ei undersøking gjennomført av Hormonlaboratoriet ved Aker sykehus i 2007, stadfester observasjonen frå guten. Heile 6,8 prosent av gutane i vidaregåande skule i Oslo hadde erfaring med dopingpreparat. Snittalderen på deltakarane i undersøkinga var 17,1 år.

– Eit samfunnsproblem

I ein studie frå Politihøgskolen der 5332 unge var med, kom det fram at 2,9 prosent av gutane og ein prosent av jentene hadde brukt eller brukte prestasjonsfremjande stoff. Men fagmiljøa er no meir på vakt. I Birkebeinerrittet stilte stiftinga Antidoping Norge opp og tok stikkprøver. Trass i rykte om at nokre av deltakarane skulle ha brukt doping, var det ingen som testa positivt.

I fjor inngjekk stiftinga eit samarbeid med treningssenter over heile landet om å førebyggje dopingbruk. Gjennom «Rent senter» kan treningssentera krevje at medlemmene signerer på at dei er kjent med antidopingspolitikken til treningssenteret. Hovudorganisasjonen Virke tek del.

Løpe på tredemølle

– Doping er eit samfunnsproblem, og det er naivt å tru at det ikkje finst dopingmisbruk på treningssenter. Derfor engasjerer bransjen seg, seier Anne Thidemann, direktør for Virkes bransjeeining for trening.

Endrar psyken

Gjennom programmet får tilsette ved treningssentera kunnskap om kva biverknader som følgjer dopingbruken. Om det er grunn til å mistenke at ein medlem på eit treningssenter kan ha brukt ulovlege preparat, skal senteret ta ein samtale med personen. Ein kan og krevje at om det er slik at medlemmen på eit treningssenter kan ha brukt ulovlege preparat, skal senteret ta ein samtale med personen. Ein kan og krevje at medlemmen må avleggje prøve.

– Det finst både fysiske og psykiske teikn på at nokon brukar doping, seier Margaret Tveitan, prosjektleiar ved Dopingtelefonen.

– Musklane aukar unormalt fort, og musklane i nakken og overarmane blir svært store. Du kan gå opp åtte – ni kilo på ein månad når du er på ein kur. Du kan bli dominerande og aggressiv. Når ein brukar anabole steroid, skrur testosteronproduksjonen i hypofysen seg av, og mange går rett i kjellaren når dei avsluttar ein kur. Nokre kan oppleve tida fram til testosteronproduksjonen kjem i gang att som psykisk tung, og vil kunne starte på ein ny kur.

Lang historie

Bodybuilder

Doping er ikkje eit nytt fenomen. Ifølgje Antidoping Norge har ein brukt doping i mange tusen år. Kinesarane brukte efedrin, eit stoff som er i slekt med adrenalin, allereie for 5000 år sidan. Legen Galeneus (cirka år 200– 130 e.Kr.) rapporterte om at utøvarane i dei olympiske leikane den tida brukte fleire ulike middel for å kunne yte meir. I Sør-Amerika har folk brukt kokablad for å halde ut lengre. På 1800-talet blei det brukt ei blanding av opium, nitroglyserol og eter i sykling, symjing og boksing.

Anabole steroid kom «på moten» på 1950-talet. Det var særleg sovjetiske utøvarar som brukte dette. Stoffet påverka urinvegane og utøvarane måtte bruke kateter for å late vatnet under World Games i Moskva. USA svarte med å utvikle dianabol, som også har farlege biverknader.

Inn i rusmiddelpolitikken

Kontorsjef på tollvesenet

På fleire nettfora diskuterer nordmenn for og imot bruken av anabole steroid og andre typar treningsdop. Dei tipsar og kvarandre om korleis dei skal få tak i stoff. Bruk er i dag tillate, men import er forbode. Likevel noterte Tollvesenet 336 beslag per 30. juni i år, det vil seie to beslag per dag.

Regjeringa varsla stortingsmeldinga om ruspolitikk; «Se meg!» at eit forbod mot bruk og oppbevaring kan bli aktuelt.

– Bruk av doping vil ofte føre til både fysiske, psykiske og sosiale problem som kan gå ut over andre menneske. Derfor vil vi kriminalisere det på lik linje med narkotika, sa helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen då meldinga blei lagt fram.

CC BY-NC-SASkrive av Inga Ragnhild Holst. Rettshavar: NTB
Sist fagleg oppdatert 22.01.2019

Læringsressursar

Uheldige sider ved trening