Hopp til innhald

Fagstoff

Dokumentere eige arbeid

Her får du fleire tips til korleis du kan dokumentere eigne produksjonar og prosessar. Du dokumenterer det du har gjort, viser og forklarer korleis du har jobba og kvifor du har teke dei vala du har gjort.
Nærbilete av hand som held mobil ved ein berbar pc. I bakgrunnen held den same personen ein blyant. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Både i arbeidslivet og på skulen kjem du i mange situasjonar der det er viktig å dokumentere arbeid som er gjort. Viss du skal jobbe med pc-reperasjonar eller skrive logg, er det ulike prosedyrar som gjeld.

Når du skal dokumentere eige arbeid, ein prosess eller eit prosjekt er det fleire måtar du kan gjere dette på. Det er nyttig for din eigen del, og gjer at både du og lærar kan sjå på kva du har gjort. Viss du seinare skal jobbe med ei liknande oppgåve, kan du gå tilbake og sjå kva du lærte og erfarte og byggje vidare på dette i den nye oppgåva eller prosjektet. I nokre tilfelle vil det vere viktig å vise den faglege utviklinga di og gjere at du får vurderingsgrunnlag. I yrkesfagleg fordjuping er dokumentasjonen av arbeidet ditt viktig gjennom logg og prosjektrapport.

Ulike måtar å dokumentere prosjekt og prosessar

  • skrive logg
  • skrive prosjektrapport
  • gjere videoopptak
  • ta bilete
  • jobbar du på ei datamaskin, kan du ta skjermbilete
  • leggje ved produkt/skisser du har produsert

Kombiner gjerne fleire dokumentasjonstypar når du dokumenterer arbeidet ditt.

Hugs!

Å skrive ein god logg eller rapport handlar ikkje om å gjere alt perfekt med ein gong. Det er mykje god læring i å prøve og feile og prøve på nytt. Vis kva du gjer og korleis du utviklar deg. Læring er ein prosess.

Kven, når, kva, korleis, kvifor

I dokumentasjon må det komme fram kven som har gjort eit arbeid og når det har vorte gjort. Det seier seg sjølv at du skal seie kva du har gjort, men gå òg i djupna og si korleis og kvifor. Reflekter gjerne undervegs. Vis læringa og prosessen din. Trekk inn bruk av verktøy og programvare og skriv kva effektar/verktøy du har brukt.

Døme på dokumentasjon, eigenprosjekt foto

Sjekkliste dokumentasjon

  • Finn ut kva du skal dokumentere og korleis.
  • Tenk på dokumentasjon undervegs i arbeidet, ta bilete, skjermbilete og notat.
  • Skriv logg etter kvar arbeidsøkt.
  • Lagre med skylagring eller ta backup, slik at du unngår å miste arbeidet du har gjort.
  • Skriv korleis og kvifor, ikkje berre kva du har gjort.
  • Ver detaljert og konkret.
  • Vis prosessen, ikkje berre sluttproduktet.
  • Trekk inn fagkunnskapar der det er naturleg.
CC BY-SASkrive av Stina Åshildsdatter Grolid.
Sist fagleg oppdatert 06.05.2020

Læringsressursar

Verktøykasse IM