Hopp til innhald

Du er no inne i ein læringssti

Fagstoff

Tekstbaserte kommandoar i Linux

Tekstbaserte brukargrensesnitt er uvanleg for vanlege brukarar, men er viktige for mange som driv med utvikling og serverdrift. Styring gjennom tekstkommandoar gir enorm fleksibilitet og låg ressursbruk, men tek tid å bli vand med.
Liste over filer som er i Wordpress-mappa. Skjermbilete av tekstbasert brukargrensesnitt i Linux.

Arbeid mot eit tekstbasert brukargrensesnitt krev tovegs kommunikasjon. Brukaren sender kommandoar til systemet, og systemet sender tilbake resultat eller spørsmål. Det er derfor viktig både å vite korleis ein sender kommandoar som systemet forstår, og korleis ein tolkar tilbakemeldingane.

I denne artikkelen blir døme viste ved hjelp av Bash, som er den leiande varianten av tekstbaserte styringssystem for Linux.

Tolke ledetekst (command prompt)

Når maskina er ferdig logga på lokalt eller gjennom terminal/SSH, byrjar systemet med ein gong å gi oss informasjon. For Ubuntu Linux blir ofte ei slik linje vist først:

Bash

1bruker@webserver:~$ 

Denne linja gir oss fleire delar med informasjon som kan vere nyttige. Ho fortel kva brukar som er logga på og aktiv, og kva maskin som er logga på. Vidare får vi beskjed om kvar i filsystemet vi er.

Tilde-teiknet "~" seier at brukaren er plassert i si eiga heimemappe. Til sist blir det vist eit blinkande felt som viser at maskina ventar på kommando frå brukaren.

Leietekst i Linux. Det står brukar@webserver:~$. "brukar" er beskrive som brukarnamn, "webserver" er beskrive som IP-adresse, tilden viser plassering i filsystemet, og eit grønt felt etter leieteksten er forklart som at "Maskinen er klar for kommando". Illustrasjon

Tilbakemeldinga vi får gjennom ledeteksten, forandrar seg etter kvart som vi byter brukar, tilkopla maskin og plassering i filsystemet. Prøv dette ved å skrive inn kommandoen under:

Bash

1cd /
Utklipp frå skjerm som viser resultatet av å køyre kommandoen "cd /".

Kommandoen flyttar deg til rotmappa ( / ). Dette er det øvste nivået i Linux filsystem. Som du kan sjå på biletet under, forandra leieteksten seg frå "~" til "/" fordi vi no er i rot-katalogen.

For å gå tilbake til heimekatalogen kan følgande kommando brukast:

Bash

1cd ~

Oppbygging av Linux-kommandoar

Mykje av styrken og fleksibiliteten med eit tekstbasert brukargrensesnitt er korleis kommandoar kan modifiserast med tillegg og parametrar.

Bash

1ip addr

Kommandoen over kan delast inn i følgande delar:

Kommando i Linux. Det står brukar@webserver:~$ ip addr. ip er forklart som programnamn, og addr er forklart som parameter. Illustrasjon.

Programmet "ip" blir køyrt med parameteren "addr". Dette vil gi oss IPv4 og IPv6-adressene til nettverkskorta i maskina.

Kommandoen "ip addr" blir brukt, maskina listar så opp IP-adressa som er på kvart enkelt nettverkskort og litt ekstra informasjon. Skjermbilete

Kommandoen kan utvidast på fleire måtar. Ein vanleg måte å utvide på kan vere å redirekte svaret til ei fil:

Bash

1ip addr > /home/bruker/ipadresse.txt

Kommandoen har då dei delane som blir viste i biletet under.

Eksempelkode er delt opp i kvar sine delar. ip er beskrive som programnamn, addr som parameter, > som omdiriger svar til, /home/brukar/ som filplassering og ipadresser.txt som filnamn. Illustrasjon.

For å sjå på innhaldet i fila kan vi bruke følgande kommando:

Bash

1nano /home/bruker/ipadresse.txt

Denne køyrer programmet Nano, som er eit skriveprogram, og opnar fila som nettopp vart laga.

Tekstbasert editor delt i tre. Øvst er namnet på programmet og filplassering, så innhaldet i dokumentet. Nedst er to linjer med hurtigtastar. Skjermbilete.

For å komme ut av skriveprogrammet Nano trykker du på (Ctrl + X). Viss du har gjort forandringar i dokumentet, blir du spurd om du ønsker å lagre forandringane.

CC BY-SASkrive av Tron Bårdgård.
Sist fagleg oppdatert 22.06.2024