Hopp til innhald
Rettleiing

Tverrfagleg årsplan for vg1 sal, service og reiseliv

Det er mange måtar å nå eit mål på. Her får du eit forslag til korleis du kan arbeide med å nå kompetansemåla i faget forretningsdrift i LK20.

Fagressursar

Fagressursane i faga Forretningsdrift, Kultur og samhandling og Markedsføring og innovasjon på NDLA dekker alle kompetansemåla i læreplanen (LK20). Her finn du både fagartiklar, filmar, utforskande oppgåver og yrkesretta casar.

Det varierte utvalet av ressursar gjer at du kan tilpasse innhaldet til ulike elevgrupper og den måten du liker å undervise på. Vi håper forslaget vårt kan hjelpe deg til å finne fram i ressursane våre og inspirere deg til å prøve ut noko nytt.

Årsplan

Vedlagt finn du ei skisse til ein tverrfagleg årsplan for sal, service og reiseliv, der dei tre faga blir sett i samanheng. Bruk gjerne skissa til inspirasjon når du skal utarbeide din eigen årsplan.

CC BY-SA 4.0Skrive av Tone Hadler-Olsen og Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 16.08.2023